Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksoppgjeret: Staten tilbyr bøndene 150 millioner

Statens tilbod i jordbruksoppgjøret har ei ramme på 150 millionar kroner. Det er 1.350 millionar kroner mindre enn bøndenes krav.

Statens forhandlingsleder Leif Forsell overleverte tilbudet fra staten til bondelederne Merete Furuberg og Nils T. Bjørke i årets jordbruksoppgjør. Foto: Brian Cliff Olguin
Statens forhandlingsleder Leif Forsell overleverte tilbudet fra staten til bondelederne Merete Furuberg og Nils T. Bjørke i årets jordbruksoppgjør. Foto: Brian Cliff Olguin

- Eit godt og framtidsretta tilbod, som vi håper er eit godt grunnlag for vidare forhandlingar, sa statens forhandlingsleiar Leif Forsell då han overrekte tilbodet til bondelagsleiarane.

Sjekk ut heile tilbodet

Sjekk ut heile bondekravet

Sjekk ut heile kravet frå bondeorganisasjonane

Staten la tysdag fram tilbod om 150 millionar kroner i auka totalramme. Det skal ifølgje statens utrekning gi bøndene ein inntektsvekst på 3,5 prosent.

Halvering av prisauken

Prisauken er føreslått til 340 millionar kroner, nær ei halvering frå i fjor, medan budsjettstøtte blir føreslått kutta med 250 millionar kroner.

- Vi får vente med å kommentere til vi får sett på tilbodet, og vi får sjå på om tilbodet er like retta inn mot auka produksjon og eit berekraftig jordbruk som kravet vi la fram for ei tid tilbake, sa leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag før han og Merete Furuberg i Småbrukarlaget blei med statens forhandlingsleiar inn i departementet for å gå igjennom tilbodet.

Om næringsmiddelindustrien og matvarekjedene vel å auke matprisane vidare til forbrukarane, så vil prisauken utgjere 140 kroner per år for ein gjennomsnittshushaldning, ifølgje Landbruks- og matdepartementet.

Hever kvotetaket

I tilbodet frå staten ligg det inne ei rekkje forenklingstiltak. Til saman føreslår staten over 30 større og mindre forenklingar.

- Tilbodet følgjer opp målet til regjeringa og Stortinget om auka produksjon og landbruk over heile landet. Tilbodet følgjer også opp prioriteringane i regjeringsplattforma om færre statlege avgrensingar, større handlingsrom for næringsdrivande, ei viss vriding av tilskot mot dei som lever av jordbruk på heiltid og auka matproduksjon, seier statens forhandlingsleiar Leif Forsell i ei pressemelding.

Staten føreslår å heve kvotetaket for mjølkeproduksjon til 1,2 millionar liter for alle føretak og å avvikle særbestemmelser for samdrifter, som i dag er på maks fem deltakarar og ikkje lenger avstand enn 17 kilometer.

Den delen av mjølkekvotane som må seljast til staten blir føreslått redusert frå 50 til 20 prosent. Det blir føreslått å utgreie behovet for større mjølkekvoteregionar fram mot jordbruksavtalen for 2015.

Annonse

Ifølgje LMD blir det vidare tatt til orde for same tilskot for alle typar sauer, uavhengig av driftsform i næringa. Satsane som i dag blir gitt etter talet på dyr blir redusert, og dei frigjorte tilskota blir overført til slaktetilskot for å stimulere til kjøttproduksjon, heiter det.

Ei rekkje differensieringar og tak blir også føreslått fjerna og staten vil setje i gang utgreiingar for ytterlegare forenklingar blant anna innan miljøverkemidlar.

Mjølkepris

Staten vil på lik linje med kravet frå jordbruket auke mjølkeprisen med 15 øre per liter. Prisen på gris blir føreslått uendra, medan potetprisen blir føreslått auka med 20 øre per kilo.

For grønsaker føreslår staten å auke målprisane med 3,4 prosent.

Prisen på alle typar norskkorn blir føreslått auka med 5 øre pr kilo, samtidig som prisnedskrivingstilskotet blir føreslått auka med 5 øre pr kilo. Prisen på råvarer til mjøl og kraftfôr skal dermed ifølgje staten ikkje bli endra som følgje av tilbodet.

Av kutta i budsjettstøtta på 250 millionar kroner samla, kjem 163 millionar kroner på direkte tilskot til bøndene. Størsteparten av kutta i direktetilskota er knytt til areal- og kulturlandskapstilskotet, der kuttet er på 135 millionar kroner.

Kutt i tilskot

Tilskotet til marknadsregulering blir føreslått kutta med 34 millionar kroner, der 26 av millionane blir tatt frå råvareprisordninga.

Velferdsordningane blir føreslått kutta med 43,5 millionar kroner, der nær halvparten av kutta er til avløysing ved sjukdom og ein stor post også er i ordninga med tidlegpensjon.

Utviklingstiltaka blir føreslått kutta med nær 29 millionar kroner, der blant anna 13 av millionane blir kutta i tilskot til fruktlager.

Av postane som aukar er pristilskota, som samla går opp med nær 63 millionar kroner. Mesteparten av auken går til auka prisnedskriving for korn på nær 50 millionar kroner, i tillegg til 13 millionar kroner meir i distrikts- og kvalitetstilskot til frukt, bær og grønsaker.

Bøndenes krav har ei ramme på 1,5 milliarder kroner, hvorav 965 millionar i økte overføringer fra staten. Kravet tilsvarar 35.000 kroner per årsverk i landbruket.

Sjå pressekonferansen med partane

Nationen.no kjem tilbake med meir.

Neste artikkel

KrF avviser at dei gøymde unna prishopp på gjødsel