Laurdag føremiddag hadde toppane i bondeorganisasjonane eit nytt uformelt møte med statens forhandlingsleiar Leif Forsell.
Bjørke: - Har fått svar frå staten
Dagen før stilte bondeleiarane fleire spørsmål til staten i det dei omtalar som eit uformelt leiarmøte.
- Vi har vore i nye samtalar med staten og vi har fått svar. Nå må vi vurdere dei og bestemme oss kva vi skal gjere, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
- Har de fått dei svar på alle spørsmåla?
- Vi har fått svar, seier Bjørke.
Bondelagsleiaren, som også er jordbrukets forhandlingsleiar, vil ikkje gå inn på kva staten la på bordet i det uformelle møte.
Framleis usikkert om det blir brot eller ikkje
Bjørke seier også at det førebels er like uvisst som før om det blir forhandlingar eller brot i jordbruksoppgjeret.
- Det er ikkje avklart. Vi må snakke med våre folk først og ta ein runde, seier Bjørke.