Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksoppgjeret: Fleire nordmenn er villige til å betale meir for maten

I år er fleire villige til å betale meir for å oppretthalde landbruket, viser ei ny undersøking.

Dei to siste åra har det blitt fleire nordmenn som seier seg villige til å betale meir for maten om det er nødvendig for å oppretthalde norsk landbruk. Det viser ei fersk undersøking som Sentio har gjort for Nationen.

4 av 10 nordmenn seier seg einig, 4 av 10 er nøytrale medan mindre enn 2 av 10 seier seg ueinige. I år er det 5 prosentpoeng fleire som er villig til å betale meir for maten enn dei to føregåande åra, viser identiske undersøkingar gjennomført for Nationen. Og tilsvarande har det blitt færre som er nøytrale til eller som er ueinige i at matprisane bør aukast.

Sjå grunnlagsmaterialet frå meiningsmålinga her.

Også tidlegare undersøkingar viser at bøndene har støtte i folket. I ei undersøking i mars sa 9 av 10 at dei er villige til å betale meir for maten.

- Veldig gledelegBondeorganisasjonane er glade for at fleire forbrukarar uttrykker vilje til å betale meir for maten.

Les også: Innhøsting av nykål og asparges i gang i Østfold

- Det er veldig gledeleg, og det samsvarar med inntrykket vi sit att med etter dei siste vekene. Folk er opptatt av å ta vare på den norske matproduksjonen og ha sikker tilgang på mat. Det gir seg utslag i vilje til å betale meir for maten, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Les også: Nordmenn foretrekker norsk mat

- At forbrukarane vil betale meir for maten, er svært positivt. Det kan danne eit mentalt importvern for mat. Det usikre er i kor stor grad forbrukarane gjennomfører det dei seier i praksis, seier generalsekretær Olaf Godli i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Annonse

- Forskjell på liv og læreHandelsnæringa og butikkjedene er ikkje overraska over funna.

- Funna her støttar opp om tidlegare undersøkingar som viser at fleire vil betale meir for maten. Det er ikkje unaturleg sidan det har vore stor merksemd om mat og matforsyning den siste tida. Verda er derimot litt meir kompleks. I praksis ser vi at folk handlar meir i billigkjedene og at grensehandelen aukar, seier direktør Thomas Angell i handelsorganisasjonen Virke.

Les også: Nordmenn kjøper nest mest EU-mat

Bondeorganisasjonane tar svara som ei indirekte støtte til kampen for betre tollvern. Dei ber politikarane lytte til grasrota.

- Svakt importvern er den største hindringa mot å kunne ta betre betalt for maten, som folk seier dei støttar. Viljen til å betale meir for maten er ei indirekte støtte til styrka tollvern. Politikarane må lytte til grasrota, seier Skorge.

Les også: Bondekravet i jordbruksoppgjøret koster deg 33 øre om dagen

Bonden Kathrine Bakke er dagleg i kontakt med kundar som kjøper grønsaker på garden. Ho seier folk er meir opptekne av kvalitet enn pris.

Les meir om det, samt fleire kommentarar, i eavisa til Nationen for tirsdag 29. mai. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Desse punkta er Bondelaget ekstra nøgd med i plattforma