Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jord- og flaumskredfare på Vestlandet og i Midt-Noreg

Det er jord- og flaumskredfare i delar av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Trøndelag og Oppland. Årsaka er kraftige regnbyer.

Det kan komme store skred, både jordskred og flaumskred. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengt, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat på varslingstenesta varsam.no.

Dei har utskrive farevarsel på gult nivå.

Det er usikkert både kor mykje regn som kjem og kor dette vil falle. Skredfaren er størst der byene treffer. Bratte skråningar, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Annonse

Meteorologane har sendt ut farevarsel på oransje nivå for indre strøk av Møre og Romsdal og Trøndelag sør for Trondheimsfjorden. Her kan det tysdag ettermiddag komme lokalt svært kraftige regnbyer – mellom 30 og 50 millimeter nedbør på tre timar.

I Sogn og Fjordane er det farevarsel på gult nivå. Her kan det komme 25–40 millimeter nedbør på tre timar, ifølgje meteorologane. Dette gjeld mellom anna områda rundt Førde og Jølster, der det førre veke gjekk ei rekke store ras.

(©NPK)

Neste artikkel

Folkehelseinstituttet: Coronaviruset kan komme til Norge når som helst