Jon Georg Dale får råd frå far om 
å stoppe attgroinga

Landbruksministeren får råd frå faren, som er erfaren sauebonde og Sp-politikar, om å bremse attgroinga og ta vare på beitedyra.

Eldar Dale (innfelt) er far til den nye landbruksministeren Jon Georg Dale. Foto: NTB SCANPIX og Volda kommune
Eldar Dale (innfelt) er far til den nye landbruksministeren Jon Georg Dale. Foto: NTB SCANPIX og Volda kommune

Jon Georg Dale

Blei i går utnemnd som ny landbruks- og matminister og er med det yngste statsråd i regjeringa.

Fødd i Volda den 16. juni 1984.

Oppvaksen på eit småbruk med 50 vinterfôra sauer i Dalsbygda ved Dalsfjorden i Volda på Sunnmøre.

Statssekretær i Finansdepartementet frå okt. -14 til des.-15 og statssekr. i Samferdselsdep. frå okt.-13 til okt.-14.

Politisk rådgjevar i Frps St.t.gruppe (2010–2013)

Kraft Laks AS (fiskeoppdrett) (2008–2010)

Johs Jacobsen kjøtt AS (2007–2008)

Nortura avd. Ålesund (2003-2006, og i 2007)

Utdanna kjøttskjerar. Sit i 
kommunestyret for Volda Frp. Har politisk erfaring òg frå fylkestinget i Møre og Romsdal og som møtande vara til Stortinget for Frp.

– Eg håper vi kan føre ein politikk som peikar mange år fram i tid. Viss vi skal ha eit aktivt landbruk, så er vi nøydd for å gjere endringar. Landbruket har alltid vore i omstilling. Strukturen om 20 år vil ikkje vere som i dag, slik dagens jordbruk heller ikkje er som for 20 år sidan. Det arbeidet Sylvi har begynt på, er min jobb å vidareføre, seier Dale, som kallar utnemninga ei stor tillitserklæring og at det er som ein draum å få vere med å styre utviklinga.

– Bør bremse attgroinga

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

Digital

Bestill

10 uker for 10 kr

Neste artikkel

Frp ut mot Høyres strømpolitikk – vil hasteinnkalle Stortinget