Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Island har parkert datalagringsdirektivet

Alltinget vil vente med å godkjenne datalagringsdirektivet. Dermed kan det heller ikkje takast inn i EØS-avtalen. Jonas Gahr Støre ser ikkje det som grunn til at Noreg bør vente.

Island har stoppa vedtak om å ta inn datalagringsdirektivet i EØS-avtalen to gonger, etter ønskje frå eige parlament. Det stadfestar ambassadør Thorir Ibsen ved den islandske ambassaden i Brussel.

- Det er ulike syn i utanrikskomiteen på Alltinget om kor vidt direktivet er EØS-relevant eller ikkje. Det er også dei i komiteen som meiner vi bør vente på konklusjonane av EU sin gjennomgang av direktivet, seier han.

EU-kommisjonen gjennomgår for tida direktivet, som også er sett som kontroversielt i fleire EU-medlemsland. Det er venta at kommisjonen legg fram eit forslag om endringar i direktivet i løpet av året.

Støre vil ikkje vente

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) ser likevel ikkje grunn til å vente med innføring av direktivet.

«Island vil avvente til EU har gjort sin revisjon. Det er i dag situasjonen. Det mener vi ikke bør være noen spesiell grunn til å vente», har han fortalt Europautvalet i Stortinget.

Støre har ikkje hatt tid til å gje Nationen kommentar om saka.

Signala han gav Stortinget møter motstand frå regjeringskollega og Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Ho ser det som naturleg at også Noreg ventar med å innføre direktivet til resultatet av EU-gjennomgangen er klar.

- Uklokt å innføre

- Når Island set ned foten for å innføre direktivet, så vert det heller ikke innført i EØS-retten. Då bør saka også utsetjast frå norsk side, seier Navarsete.

Ho gir honnør til parlamentarikarane på Island, som ikkje ser grunn til å haste med innføringa.

- Det Island gjer er klokt. Vårt standpunkt var jo også at det var uklokt å innføre direktivet medan det vert revidert i EU, seier ho.

Annonse

Sp tok til liks med SV dissens mot datalagringsdirektivet i regjeringa. Direktivet vart vedteke i Stortinget etter semje mellom Ap og Høgre.

Trur ikkje Island påverkar

Stortingsrepresentant Nikolai Astrup i Høgre trur ikkje Island si nøling får store følgjer for Noreg.

- Vi kan gjere dei aktuelle endringane i norsk lov utan at direktivet er innført i EØS-avtalen. For min del kunne vi ha venta inn i æva med innføring, men det er ikkje noko som seier at det er nødvendig, seier Astrup, som sjølv er imot direktivet og også har argumentert for å vente til EU-gjennomgangen er ferdig.

Han syner til at innføringa i Noreg uansett er utsett på grunn av tekniske vanskar og uavklarte konstandar.

- Den største utfordringa på norsk side er ikkje Island, men det praktiske. Eg merkar meg at direktivet det hasta slik med å setje i verk, no vert utsett igjen og igjen, seier han.

Uavklart på Island

Det er EØS-komiteen, der EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein møter EU, som tek inn nye EU-rettsakter i EØS-avtalen. Island trekte datalagringsdirektivet frå dagsordenen i komiteen i desember og februar, og direktivet har ikkje vore oppe i komiteen seinare. Det stadfestar informasjonsrådgivar Tore Grønningsæter ved EFTA-sekretariatet i Brussel.

Ambassadør Ibsen seier det er for tidleg å svare på kva som vert neste steg for Island si side.

- Parlamentet har bede om meir tid til å undersøke saka, og regjeringa respekterer det. Dei er i dialog om direktivet, og det er for tidleg å svare på kva som skjer vidare, seier han.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død