Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Internt KrF-notat viser borgarleg sprik om landbruk

I eit internt notat laga før valet skriv KrF at dei ikkje kan sitje i ei regjering som fører ein landbruksfiendtleg politikk. Politikken til Høgre og Frp får kritikk på sentrale punkt.

Nationen har fått tilgang til eit internt KrF-notat som analyserer avstanden til Høgre og Frp i landbrukspolitikken. Notatet er laga før stortingsvalet i haust og tek for seg landbrukspolitikken til Høgre og Frp punkt for punkt. Det går fram at KrF er ueinig med Høgre og Frp på fleire sentrale område.

Heilt til slutt i notatet skriv KrF følgjande:

«KrF har sagt det gjentatte ganger tidligere, og vi gjentar det gjerne igjen: Landbrukspolitikken vår er ikke til salgs. For KrF er hensynet til neste generasjoners matsikkerhet så viktig at vi ikke kan sitte i en regjering som fører en landbruksfiendtlig politikk». Ueinige i sentrale punkt

Her er hovudpunkta i landbrukspolitikken til Høgre og Frp, slik KrF framstiller det, der det går fram at KrF er ueinig i dei fleste:

* Reversere tollauken og byggje ned importvernet:

KrF kommenterer at importvernet er ein av berebjelkane i norsk landbruk. Partiet peiker på at kostnadsnivået er 40 prosent høgare enn hos våre handelspartnarar og at om ein ønsker eit landbruk i Norge er det viktig å ha eit importvern på produkta som konkurrerer med norske.

Les også: KrF seier ostetoll ikkje hindrar borgarleg regjeringssamarbeid

* Skilje mellom produsent og marknadsregulator:

KrF kommenterer at marknadsregulatorordninga skal sikre ein best mogleg balanse mellom produksjon og etterspørsel, noko landbruket er avhengig av for å vere sikker på at ein får den prisen som er fastsett i jordbruksoppgjeret. KrF skriv òg at forbrukarane er avhengige av marknadsregulatorane for å vere sikre på at det er godt nok utbod av varene som er regulert.

* Buplikt, prisreguerling og odelsrett:

KrF skriv at det er viktig at buplikta, prisreguleringa og odelsretten blir bevart slik at neste generasjon bønder både har forrang på og råd til å kjøpe gardane. Partiet skriv at ei fjerning av buplikta og prisreguleringa i praksis vil gjere at bønder ikkje har råd til å bu på eller kjøpe gard sidan mange ønskjer gardsbruk som feriebustad utan å ha ønske om å drive garden.

* Endre arealstøtte til produksjonsstøtte:

KrF går mot å fjerne kulturlandskapstilskotet.

I regjeringsplattformen går Høgre og Frp inn for store endringar i landbrukspolitikken.

Annonse

* Fjerne kvoteavgrensingar:

KrF kommenterer at kvotetaket per gard er essensielt for å oppretthalde små og mellomstore bruk, sidan stordriftsfordelane til dei største produsentane vil utkonkurrere dei mindre bruka.

* Formueskatt og arveavgift:

KrF skriv at formuesskatten sikrar at landets aller rikaste faktisk betalar skatt. For å sikre at alle bidreg, men unngå skatt på å skape arbeidsplassar, vil KrF fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. I tillegg til å avskrive arveavgifta slik at den fell bort etter ti års vidare drift.

* Eksportsubsidier:

KrF skriv at alle er einige om å fjerne eksportsubsidiene, og at Norge har forplikta seg til det om ein får på plass ein ny WTO-avtale. «Retoriske poeng»

Under overskrifta «retoriske poeng» trekkjer KrF fram punkt som kunne brukast både mot den dåverande raudgrøne regjeringas landbrukspolitikk, og mot andre parti. Partiet trekte fram at det var lagt ned 6500 bruk i regjeringsperioden, noko som ifølgje KrF-notatet vitnar om ein feilslått landbrukspolitikk. Partiet hevdar i notatet også at inntektsgapet har auka og at det blir brukt ein vesentleg mindre del av statsbudsjettet på landbruk i dag enn under Bondevik 2-regjeringa.

KrF trekkjer i notatet også fram punkt der den dåverande opposisjonen var einige, som mellom anna gode investeringsordningar, avgrensing av skjemavelde og fjerning av formuesskatt på arbeidande kapital.

Les også: Ap vil dyrke KrF-samarbeid om landbruk

I notatet peiker likevel KrF på at forskjellane i landbrukspolitikken mellom KrF og dei borgarlege partia viser at ein må stemme på KrF «for å få god landbrukspolitikk i en ny regjering», før dei gjentek at landbrukspolitikken ikkje er for sal og skriv at omsynet til matforsyninga for komande generasjonar er så viktig at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som fører ein landbruksfiendtleg politikk.

Line Henriette Hjemdal vedgår at avstanden til Frp er stor. Det kan du lesa meir om i Nationens papirutgåve eller eavis tirsdag 29. oktober. Eavisa kan du kjøpe her.

Neste artikkel

Stortingspresidenten trekker seg etter pendlerboligsaken