Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen framgang i forhandlingar om innskotsdirektiv

Finansminister Sigbjørn Johnsen deltok på møte med EUs finansministrar i Brussel tysdag.

Under eit møte med EUs finansministrar i Brussel på tysdag prøvde finansministeren nok ein gong å overtyde sine europeiske kollegaer om at Noreg må få halde fast på sin bankinnskotskgaranti.

- Eg brukar alle anledningar til å ta opp dette emnet, og eg tok også opp dette i innlegget mitt i dag. I tida som kjem vil eg også fortsette å snakke med mine europeiske kollegaer for å få halde fast på den norske innskotsgarantien. Det er framleis uklart når det vil bli ei avklaring på saka, sa Sigbjørn Johnsen i ein kommentar til nationen.no etter møtet.

Lang prosess

EU sitt bankinnskottsdiretiv er framleis under arbeid i EU. Det har det vore sidan 2008.

Like lenge har Noreg arbeidd for å unngå direktivet. Direktivet slår fast at alle EU- og EØS-land skal garantere for bankinnskot opp til 800.000 kroner.

Det vil seie at om ein banken går konkurs, dekkjer staten tap på opptil 800.000 kroner for bankens kundar. Grensa på 800.000 kroner er ikkje berre ei minimumsgrense, det er også eit tak.

I EU-området inneber direktivet ei auke i innskotsgarantien i alle land bortsett frå Italia, som har ein like høg garanti i dag.

For Noreg sin del inneber direktivet derimot ein kraftig reduksjon av dagens innskotsgaranti som er på 2 millionar kroner. Eit samla norsk Storting står bak kravet om unntak frå direktivet.

Annonse

Stopp i prosessen

I haust starta EU-parlamentet, EU-kommisjonen og EU-rådet forhandlingane som vil avgjere om Noreg får gjennomslag for ønsket sitt eller ikkje. Det er klart at Noreg har støtte til sitt syn i EU-parlamentet.

Samstundes er det klart at EUs kommisær for den indre marknaden, Michael Barnier, er skeptisk til eit norsk unntak.

Nationens kjelder i EU-Parlamentet melder at forhandlingane om bankinnskotsdirektivet står i stampe, men at det skal haldast eit nytt møte i neste veke. Det er ikkje venta noko avklaring om direktivet på denne sida av nyttår.

Resultat av krisa

EU sette i gang arbeidet med bankinnskotsdirektivet i kjølvantet av den økonomiske krisa i 2008. Då vedtok Irland ei kraftig betring av sin garanti for innskot i landets største bankar.

Det fekk alvorlege følgjer for den økonomiske stabiliteten i EU-området. Den første konsekvensen var ein storstilt kundeflukt frå britiske til irske bankar. Den andre konsekvensen var at andre EU-land byrja kome med løfter om auka rammer for innskotsgaranti.

Neste artikkel

MDG: – Det er et svik mot de unge. Det er et svik mot klimaet