Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Import av storfekjøt, ost og yoghurt har erstatta 3500 norske bønder

Importen av landbruksvarer auka med 13 prosent frå 2010 til 2011. Importvekst på ost, yoghurt og storfe har erstatta 3500 norske gjennomsnittsbønder dei siste åra.

I fjor importerte vi landbruksvarer for 40 milliardar kroner. Det er 13 prosent meir enn året før og meir enn ei dobling frå år 2000, ifølgje Statens landbruksforvaltning (SLF).

På ost, yoghurt og storfekjøtt åleine har veksten i importen skrumpa inn marknadsgrunnlaget til 3500 snittsbønder. Det viser utrekningar Nationen har utført i samarbeid med Landbrukets Utredningskontor (LU) og Nortura basert på tal frå SLF. - Pressa ut av import

Importen av meierivarer totalt auka med 22 prosent til 27.750 tonn i fjor, opp 21.000 tonn frå år 2000. Mange ulike varer gjer det vanskeleg å rekne ut kor mange liter mjølk importveksten utgjer.

For ost og yoghurt utgjer importveksten siste ti år rundt 65 millionar liter mjølk. Det er like mykje som snittproduksjonen til 500 mjølkebønder.

Les også: Jordbruksoppgjeret: Tilbodet frå staten kjem onsdag

- Norske bønder blir utfordra i heimemarknaden og norsk mjølk blir gradvis utkonkurrert. Verdikjeda blir pressa og det blir vanskelegare å sikre inntektene til bøndene, seier prosjektleiar Torbjørn Tufte i LU.

Halvparten av mjølka går til ost. Ost basert på utanlandsk mjølk har i dag 13 prosent av marknaden, mot 6 prosent i 2000.

- I tillegg kjem grensehandel.

- Kvifor aukar importen?

- Vanskeleg å seie. Spør dei store importørane, men pris er ein viktig faktor, seier Tufte.

Les også: Kostnadsveksten i jordbruket dobbelt så høg som elles i samfunnet

Vi importerte landbruksvarer for 40 mrd. kr i fjor, opp 13 prosent frå 2010.

Annonse

Nedgangen i mjølkeproduksjonen var på 81 millionar liter totalt frå 2000 til 2011.

57.000 oksar for lite

Marknadsregulator Nortura ventar ein import på 16.000 tonn storfekjøtt i år. Det utgjer 57.000 oksar eller produksjonen til 3000 storfebønder med eitt årsverk.

- Færre storfe fører til gjengroing og mindre beitebruk. Vekstpotensialet er stort, men økonomien er for svak, seier direktør Hans Thorn Wittussen i Nortura totalmarked.

Les også: Norsk matindustri taper for import

Tollvernet er uendra til same kronebeløp som for 20 år sidan.

- Tollvernet set grenser for prisvekst. Vi har derfor føreslått eit kvalitetstilskot for å betre innteninga, seier Wittussen.

Nils T. Bjørke i Norges Bondelag ser parallellar til utflagging av bedrifter. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for onsdag 9. mai, som kan kjøpast her.

Les også: Dansk-svenske Arla vokser i Norge

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger