Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

I mål med avtale om grøne sertifikat

Forhandlingane med Sverige er fullført.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) og næringsminister i Sverige, Maud Olofsson, underteikna i dag protokollen frå forhandlingane om elsertifikat, såkalla grøne sertifikat, som har gått føre seg i litt over eitt år.

Oppstart januar 2012

Norge og Sverige er dermed einige om eit felles sertifikatsystem som vil gi ei kraftfull utbygging av fornybar energi, med oppstarten av ein felles sertifikatmarknad frå første januar 2012.

26,4 TWh ny fornybar energi

Kvart land skal finansiere utbygging av 13,2 TWh ny fornybar energi fram til år 2020, og samla blir det dermed over 26 TWh meir ny fornybar energi.

Den samla norske produksjonen er vanlegvis litt over 120 TWh.

Miljøglede

Miljøorganisasjonar reagerte med spontan glede.

Annonse

- Den beste klimanyheten på svært lang tid og det viktigaste som har skjedd innan fornybar energi på mange tiår, seier Einar Håndlykken i miljøstiftinga Zero.

Sender loven ut på høyring

Olje- og energidepartementer sender eit utkast til lov om elsertifikat ut på høyring.

- Vi er kome eit stort steg vidare mot etableringa av ein felles svensk-norsk elsertifikatmarknad, seier Terje Riis-Johansen i ei pressemelding lagt ut på nettsidene til olje- og energidepartementet.

Les alt dokument om loven som er sendt ut på høyring her.

Elsertifikatsystemet fungerer slik at produsentane av fornybar elektrisk energi får ei inntekt frå sal av elsertifikat. Denne kjem i tillegg til inntekta frå sal av elektrisk energi.

Tilbod, etterspørsel og handel med elsertifikat blir regulert av loven i tråd med prinsippa i overeinskomsten med Sverige.

Neste artikkel

Yara tener meir pengar og lager mindre gjødsel