Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hybridfisk og parasittar øydelegg god fiskeelv

Den tidlegare svært gode lakse- og aureelva Driva er i ferd med å bli øydelagt som fiskeelv.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris og hybridfisk får skulda.

NTNU Vitenskapsmuseet har gjennom fleire år forska på smoltproduksjonen i Driva og presenterte resultata på eit møte på Sunndalsøra denne veka, fortel NRK.

Prosjektleiar Jo Vegar Arnekleiv er overraska over det dei har funne ut.

- Vi har funne store mengder fisk som er ei krysning av laks og aure, og slike hybridar er ikkje vanlege i friske lakseelver. Til vanleg er innblanding av hybridar på tre prosent blant ungfisken, men i denne elva er det rundt tretti prosent innblanding.

Arnekleiv meiner det viser at hybridane lever i elva og kan vandre ut i sjøen for så å kome tilbake i elva og konkurrere om plass og næring.

Årsaka til den store innblandinga av hybridar er lakseparasitten Gyrodactylus salaris, som tek livet av nær åtti prosent av unglaksen.

- Dette gir ein svak laksebestand. Denne laksestammen får konkurranse av ein sterk aurebestanden og ei innblanding av oppdrettslaks som til saman gir grunnlag for at det blir mange hybridar.

LES OGSÅ: Laks er ikke så sunt som du trodde

Annonse

Leiar i Sunndal jeger- og fiskeforeining, Svein Haugen, er sterkt bekymra.

- Dette fører til at det blir minimalt med produksjon av den opphavlege Driva-laksen. Mesteparten av produksjonen blir ei krysning mellom oppdrettslaks og sjøaure og at produksjonen av laks ligg på berre 5-6.000 pr år, seier Haugen.

LES OGSÅ: Vil ha omdømmeavgift på laks

Trond Haukebø i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen fryktar at hybriden i Driva kan spreie parasittar til andre vassdrag i nærleiken.

- Hybriden kan vere vert for parasitten Gyrodactylus salaris, og viss hybriden trur han er ein sjøaure, så går han ikkje til havs - han går berre ei kort avstand frå heimeelva si. Fisken går i fjorden og tullar rundt og besøkjer forskjellige vassdrag.

Haukebø meiner spreiingsfaren er blitt større når innslaget av hybridar har blitt så stort. (©NPK)

Neste artikkel

Kystkommunane delte i reaksjonane på grunnrenteskatt