Humler er blant dei viktigaste pollinerarane i landbruksdyrkinga. Å setje ut høyballar kan vere ein effektiv metode for å gjere livet betre for humlene og auke avlingane, skriv nettstaden landlantbruk.se.
Over 90 prosent av alle blømande vekstar og to tredeler av dei viktigaste matplantane i verda er heilt avhengige av pollinerarar.
Heilt sidan 1950-talet har landbruks- og miljøvernmyndigheitene i Sverige tilrådd å plassere ut høyballar som buplassar for humler. Men kva type av ballar som fungerer best og kvar dei skal plasserast for å vere mest attraktive er ikkje vitskapleg undersøkt.
No i sommar skal forskarar i Hushållningssällskapet i samarbeid med Lunds universitet få bønder til å setje ut endå fleire høyballar for å få spreiing på ulikt grasinnhald, alder og plassering.
Om lag 400 høyballar kjem til å vere med i granskinga og i 2018 skal forskingsprosjektet sjå på humleaktiviteten i dei utplasserte høyballane og samle inn erfaringar frå bøndene.