Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høybråten tek til orde for styrka jordvernmål

Tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten vil ha eit mål om ei ytterlegare halvering av den årelege nedbygginga av matjord. Sjå også video frå internasjonal kampanje for jordvern.

Tidlegare KrF-leiar og avtroppande stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten tok på jordvernkonferansen «Truet jord 2013» i Oslo torsdag til orde for skjerping av jordvernet.

- Ikkje berekraftig

Høybråten gav likevel ros til den sitjande regjeringa for at det har blitt litt mindre nedbygging av matjord dei siste åra.

Les også: Tre fotballbanar med matjord blir bygd ned dagleg

- Ja, det går noko betre nå, men det går framleis alt for fort og i feil retning. Verkemidla er ikkje gode nok til å bremse utviklinga. Dagens jordforvaltning er ikkje berekraftig. Det er grunn til å rope varsku. Forvaltaransvaret blir ikkje tatt nok på alvor. Det er hensynslaust overfor alle generasjonane som kjem etter oss, sa Høybråten i innlegget.

Kritiserte bustadbygging på dyrka jord

KrF-representanten, som har vore innvald for Rogaland dei to siste stortingsperiodane, beklaga at fylket han representerer toppar statistikken over nedbygging av matjord.

- Den sterke veksten trugar den beste matjorda som ligg rundt dei største byane, og frå Stavanger kjem det krav om dobling av bustadutbygginga, sa Høybråten.

Les også: Jordvern blir nedprioritert, viser forskningsstudie

Han sa at utbyggingar i dag ofte følgjer eit "skal berre, skal berre"-mønster der summen av alle utbyggingsprosjekta blir uhaldbar.

- Det er ingen menneskerett å byggje bustader på dyrka mark, sa Høybråten.

Vil flytte ansvaret opp eitt hakk

Den tidlegare KrF-leiaren ønskjer ein debatt om å flytte ansvaret for jordforvaltninga bort frå kommunane velkommen.

- Eg vil ønskje ein debatt om å flytte ansvaret bort frå kommunane velkommen. Alternativet kan som Høgre vil vere større kommunar, men eg trur kommunane må bli veldig, veldig mykje større viss dei skal klare handtere oppgåve på ein god måte, sa Høybråten, som seinare på konferansen sa han trur det er på tide å flytte ansvaret for jordforvaltning eitt hakk opp.

Vil halvere halveringsmålet

Annonse

Høybråten tok på jordvernkonferansen også til orde for meir offensive jordvernmål.

- Vi er nøydd til å setje oss djerve mål. Sjølv om halveringsmålet ikkje er fullt nådd, trur eg tida er inne for eit mål om ytterlegare å halvere nedbygginga av matjord, sa Høybråten.

Les også: EU åtvarar mot jordtap og nedbygging av matjord

Det vil i tilfelle seie eit mål om å omdisponere under 3000 mål dyrka jord pr år.

- Matjord er ein avgrensa ressurs, og etterspørselen etter jord til å dyrka mat og fornybar energi aukar. Eg vil gjerne at mine barnebarn skal kunne sjå meg i auga og seie at bestefar gjorde iallfall det han kunne, sa Høybråten, som hadde sin siste dag som stortingsrepresentant torsdag.

Video: 10 cm jord tek 2000 år

På jordvernkonferansen vart det også vist ein video frå den internasjonale kampanjen "Global soil week" der tap av jord blir sagt å koste verda 490 milliardar dollar kvart år.

Der blei det òg vist til at det tek 2000 år for naturen å etablere 10 centimeter fruktbar matjord.

Sjå videoen øvst i saka!

Bjørke: - Kan ikkje halde på slik

Etter framsyninga sa leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag at han trur mange ser utfordringa, men at det samla presset mot matjorda likevel blir øydeleggjande.

- Her i landet har vi bygd ned ti prosent av matjorda vår dei siste 50 åra. Det er bra at tempoet er redusert, men vi kan ikkje halde på slik, sa Bjørke.

Han gjentok kravet frå Bondelaget, Småbrukarlaget og Naturvernforbundet om at det i utgangspunktet må vere forbod mot nedbygging av dyrka jord, og at det berre bør vere mogleg å få dispensasjon for utbyggingar av særleg nasjonal betydning.

Neste artikkel

Kommunen gløymde å opplyse bøndene om stengd veg: – Ei tapt sak