Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre skuldar regjeringa for å somle med mineralverdiar

Høgre krev at regjeringa set opp farten med mineralstrategien og at den vert lagt fram for Stortinget.

Utvinning av mineral kan erstatte dei norske olje- og gassinntektene i framtida. Regjeringa arbeider med ein eigen mineralstrategi, som etter planen skal ferdigstilliast i år.

Les også: Nordiske regjeringer vil ta kontroll med mineralverdiene

Norsk geologisk undersøkelse (NG) har fått tildelt 100 millionar i perioden 2011-2014 for å kartleggje Noreg for moglege mineralførekomstar. Under jordoverflata kan det skjule seg verdiar for 1500 milliardar.

Nationen skreiv førre veke at undersøkingar i Ráitevárri i Finnmark førebels har stogga opp. Årsaka er at Miljøverndepartementet sidan 2010 har sett verneplanen for våtmarks- og myrområde i Finnmark på vent.

Hastverk

- Store verdiar står på spel. Hadde det vore snakk om olje og gass, ville ikkje regjeringa drøymt om å bruke så lang tid, seier næringspolitisk talsmann for Høgre, Svein Flåtten.

- Saman med dei betydelege konfliktane om arealbruk som ligg under, tilseier det at regjeringa sin mineralstrategi må leggjast fram for Stortinget, og ikkje berre bli avklara som ein strategi frå regjeringa. Siktemålet må vera å sikre ei breiast mogleg forankring i Stortinget for ei næring som kan tyde mykje for Noreg dei neste tiåra, seier Flåtten.

Regjeringa skal etter planen leggje fram ein strategi for mineralutvinning i 2012.

Annonse

Skal koma i 2012

- Strategien skal leggje rammene for ein langsiktig politikk for utnytting av mineralressursane i Noreg, skriv statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, Jeanette Moen, i ein e-post til Nationen.

Nationen får opplyst at departementet er i gang med mineralstrategien, og har etablert samarbeide med berørte aktørar i næringa, miljøorganisasjonar, fiskeriorganisasjonar og Sametinget. På spørsmål om regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding, svarar departementet at dei har lagt fram fleire strategiar for næringslivet.

- Dette er eit vanleg verktøy for å skildre regjeringa sin politikk, samt å laga tydelege rammer og vilkår for næringslivet. Det er brei semje på Stortinget om at me må få på plass ein strategi for mineralnæringa. Departementet vil ha ein strategi som er god for næringa, for miljøet og for den langsiktige verdiskapinga i Noreg, skriv Moen.

Nærings- og handelsdepartementet har ikkje svara på spørsmål om det er intern usemje i regjeringa kring verneplanane for Finnmark, og om det er ei årsak til at mineralstrategien trekk ut i tid.

Les meir om mineralpolitikken i Nationens e-avis tysdag 10. juli. Den kan du kjøpa her.

Neste artikkel

Oppdaget truet naturtype ved Repparfjorden: – Det bekymrer meg at det har blitt gjort så lite konsekvensutredning på forhånd