Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre-politikarar trur ikkje omkamp om datalagringsdirektivet er mogleg

Frp har vedteke å be Stortinget snu om datalagringsdirektivet. Representantar frå Høgre som røysta imot direktivet, trur ikkje det går å rokke eige parti.

I helga gjekk Frp-landsmøtet inn for å krevje at datalagringsdirektivet vert reversert.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud i Frp seier han truleg kjem til å leggje fram forslag for Stortinget om reversering i løpet av kort tid.

- Eg trur at direktivet går å reversere. Det var ikkje mange røyster det stod om då det vart vedteke, seier han.

Les også: Vanskelig å reversere direktiv som er tekne inn i norsk lov

EU-direktivet vart bestemt innført i Noreg etter kompromiss mellom Ap og Høgre i fjor. Direktivet var kontroversielt i Høgre. Likevel røysta berre fem av dei 30 stortingsrepresentantane til Høgre imot direktivet, saman med SV, Sp, KrF, Venstre og Frp.

Direktivet vart vedteke med 89 mot 80 røyster.

Ingjerd Schou, som var sakshandsamar for Høgre i spørsmålet, avviser at partiet kjem til å vurdere direktivet igjen. Det same gjer nestleiar Bent Høie.

- Stortinget har gjort vedtak i denne saka, og no er det opp til regjeringa å gjennomføre. I den grad det skal forhandlast meir, må regjeringa kome attende med saka til Stortinget, og så langt ser vi ingen grunn til det, seier Schou.

- All grunn til diskusjonHøgre-representantane Michael Tetzschner, Nikolai Astrup og Torbjørn Røe Isaksen, som alle røysta imot direktivet, trur også det politiske fleirtalet står fast.

Røe Isaksen vedgår likevel at han kan kome til å ville støtte Frp-forslaget. Han seier han er villig til å diskutere med dei i partiet som støtta direktivet kor tid som helst.

Les også: - Høyre har vært naive

- Vi har ikkje gjennomført direktivet enno, så det er all grunn til å heile tida kritisk diskutere kva som skjer. Dersom situasjonen i landa rundt oss endrar seg, bør det også få konsekvensar for den norske debatten, seier han.

Annonse

- Innføring mista momentetBakgrunnen for at Frp vil krevje snuoperasjon, er ei frykt for at det ikkje skal gå å sikre all informasjonen som vert samla inn som følgje av direktivet. Partiet held fram at faren for misbruk av personopplysningar er stor.

Venstre-leiar Trine Skei Grande har også bede Høgre ta ein ny debatt om direktivet. Oppmodinga hennar kom etter at Island to gonger har stoppa vedtaket om å ta inn datalagringsdirektivet i EØS-avtalen.

Islandske folkevalde vil ikkje ta stilling til saka før EU er klar med dei varsla endringane av direktivet. Tetzschner trur verken innvendingane frå Frp eller frå Venstre gir grunnlag for omkamp.

Les også: Nordmenn flest ønsker EUs datalagring

- Når det er sagt så registrerer eg med interesse at regjeringa sin arbeidsdato for innføringa av direktivet vert flytta igjen og igjen. Innføringa har mista momentet, ikkje minst fordi EU sjølv også går gjennom direktivet. På eitt eller anna tidspunkt kan dei to faktorane saman leggje grunnlag for ein ny diskusjon i Noreg.

Frp trur på nytt fleirtal imot Samferdselsdepartementet og Justisdepartementet førebur innføringa av direktivet i Noreg. Direktivet skulle etter planen vere innført 1. april i år. Ny dato er sett til 1. januar 2013.

Hoksrud i Frp ser forseinkinga som ein gyllen sjanse.

Les også: Krever datalagringsdirektivet utsatt

- Det er ikkje sikkert direktivet er skikkeleg innført neste år heller. Då kan valet verte avgjerande for det endelege resultatet. Mange av veljarane er opptekne av spørsmålet om overvaking og lagring av data. Ap og Høgre har fleirtal i dag, men vi kan få eit nytt fleirtal i Stortinget som er imot, seier han.

Statssekretær Erik Lahnstein (Sp) i Samferdselsdepartementet seier direktivet kjem til å vere innført innan stortingsvalet.

- Sjølv om vi i Sp ikkje ønskte direktivet, så følgjer vi lojalt opp vedtaket i Stortinget frå departementet. Vi jobbar med å gjennomføre direktivet så raskt som mogleg, og lenge før neste val, seier han.

Neste artikkel

Flere medier: Sandra Borch blir landbruksminister