Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre har vedteke ny landbrukspolitikk

- Blir ingen store endringar om Høgre kjem til makta, seier stortingsrepresentant Svein Flåtten.

Landsmøtet i Høgre vedtok i laurdag partiet sin landbrukspolitikk for dei komande fire år. Mindre støtte til økologiske bønder, fjerne stordriftsulempene og oppretthalde eit importvern er noko av politikken Høgre ynskjer for jordbruket dei neste åra.

Høgre ynskjer også å leggje forhandlingane om jordbruksoppgjeret til hausten. I dag forhandlar bondeorganisasjonane med staten på våren, og resultatet blir vedteke av Stortinget i juni.

Les også: Buskerud Høgre slår eit slag for distriktsjordbruket

- Dei siste åra har Høgre utmeisla ein meir detaljert landbrukspolitikk. Vedtaka i dag syner at me har eit solid feste i landsmøtet for partiet sin landbrukspolitikk, seier næringspolitisk talsmann i Høgre, Svein Flåtten.

Han avviser at det blir store endringar for bøndene om Høgre kjem i regjeringsmakt etter stortingsvalet.

- I vedtaket sikrar Høgre distriktspolitikken. Me vil sjå på kva det er som stenkjer for lønsam produksjon i måten tilskotsordningane er innretta på, og også sjå på reguleringane slik at produksjonskapasiteten kan utnyttast betre, seier Flåtten.

Ikkje frislepp

Høgre vil gå gjennom konsesjonar og kvoteordningar i jordbruket, med mål om å tilpasse og auke produksjonen i samsvar med behovet i marknaden. I tillegg vil Høgre ikkje «i mindre grad» bruke støttesatsar til å motarbeide stordriftsfordelar i jordbruket, og heve grensene for volum og talet på deltakarar i samdrifter. Høgre vil samstundes garantere stabiliteten i rammevilkåra for samdriftene.

Flåtten avviser at det blir fritt kvoteslepp.

Les også: Bondelaget: Store mjølkebruk kan tape 400.000 med Høgres landbrukspolitikk

- Det er nødvendig å balansere marknaden. Høgare produksjon skal gi moglegheiter til betre lønsemd, men det må balanserast. Det hjelp ikkje å produsere meir om prisane fell, seier Flåtten. Skal ha importvern

Annonse

Eit framlegg frå Unge Høgre om å redusere importvernet fall med stort fleirtal. Maria Kristine Göthner frå Unge Høgre sa under debatten at Noreg må tåle å redusere importvernet.- Landbruket er robust, og blir oppretthalde av hardt arbeidande bønder. Importvern handlar ikkje om bønder, men om å kunne bidra til økonomisk vekst også utanfor Noreg, sa Göthner.

Flåtten seier det syner at Høgre har bevega seg landbrukspolitisk dei siste åra.

- Når ikkje ein gong framlegget om å redusere tollen gjekk gjennom tyder det at importvernet for Høgre er ein viktig berebjelke for norsk landbrukspolitikk. Importvernet ligg fast, seier Flåtten.

Mindre til økologiske bønder

Støtta til økologisk landbruk er om lag 400 millionar i året. Om lag 30 prosent går til produksjon. Høgre vil endre støtta, slik at økologisk landbruk får støtte på lik linje med konvensjonelt landbruk. Bøndene som produserer økologisk skal ta ut auka kostnader gjennom auka prisar i marknaden.

Daglegvarekjedene sine priskampanjar har ført til ein viss auke i salet av økologisk mat, men framleis ligg omsetninga av økologisk mat berre i overkant av ein milliard i året.

- Syner ikkje det at det blir svært vanskeleg for bøndene å ta ut auka marknadsprisar?

- Ein av områda Høgre ynskjer å sjå på, og vri tilskota annleis, er på økologisk matproduksjon. Målsetningane regjeringa har sett seg er urealistiske. Økologisk jordbruk bandlegg meir areal, og då er det eit spørsmål om ein skal subsidiere økologisk drift som i dag, seier Flåtten.

Han ser likevel at det kan vera vanskeleg for bøndene å auke prisane.

- Brorparten av forbrukarane er klar over at konvensjonell matproduksjon er trygg. Samstundes vil det vera nokre forbrukarar som vil vera villige til å betale meir for økologisk mat, seier Flåtten.

Neste artikkel

Meny gir penger tilbake til angusbøndene