Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Helsepolitikar Kjersti Toppe (Sp) forsvarer sukkeravgifta

Det er viktige helsepolitiske argument for avgift på sukker, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Kjersti Toppe.

Senterparti-politikar, lege og helsepolitisk talsvinne, Kjersti Toppe, seier det fyrst og fremst er helseomsyn som er grunngivinga for å behalde ei sukkeravgift, og står fullt og fast på at sukkeravgifta er nødvendig i eit folkehelseperspektiv.

- Eit kunstig høgt sukkerforbruk gir store helseproblem og livsstilssjukdommar i befolkninga, og det er ikkje tilfeldig at sukker er ilagt avgift, seier Toppe.

Avgift kan styre forbrukHo seier politikarane gjennom avgiftspolitikken kan styre at folk tek sunne kosthaldsval.

Les også: Regjeringa aukar avgifta på alkoholfri drikke - drikkebransjen krev endra sukkeravgift

- Erfaringar helseekspertar har gjort seg er at avgifter generelt påverkar forbruket. Eg har likevel forståing for at det ikkje er enkelt å finne eit system som slår rettvist ut. Avgiftene skal verke i tråd med helsepolitiske mål, samstundes kan det ikkje vera for komplisert. Det er heller ikkje intensjonen at avgiftssystemet skal gi negative konsekvensar for sunne varer, som til dømes saft som inneheld stor bærdel og lite sukker, seier Toppe.

Ho seier det ideelt sett burde vore ei generell sukkeravgift på varer med mykje sukker i.

- Kroppen skil ikkje mellom sukker gjennom fast føde og gjennom drikke. Svaret er likevel at det blir komplisert. Sjølv om ein ikkje er heilt i mål med dagens system, er det betre at nokre produkt blir skattlagt enn at ingen blir skattelagde.

Annonse

Vil lytte til produsentaneToppe seier Sp vil lytte til saftprodusentane når dei seier at regelverket ikkje er fullstendig.

- Avgifta bør kunne differensierast slik at usunne produkt ikkje blir sidestilt med sunne produkt. Det kan også vera grunn til å avgiftsbelegge produkt som inneheld kunstig søtingsstoff sterkare, ettersom desse ikkje er bra for folkehelsa, seier ho.

Ho seier inntaket av frukt og bær i Noreg bør opp.

Les også: Vi spiser mindre sukker enn noen gang

- Avgiftene bør innrettast slik at produsentane vrir produksjonen inn mot produkt som ikkje inneheld så mykje sukker eller søtingsstoff. For folkehelsa burde det ideelt sett vera sukkermengda som blir avgiftsbelagt. Eg er samd i at dagens system kan bli oppfatta urettvist. Det er heller ikkje hensikta, seier Toppe.

Les meir om kva Finansdepartementet meiner i Nationens eavis eller papirutgåve laurdag 24. november.

Neste artikkel

Deler av svensk sukkerfabrikk flyttes ut av landet