Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hellstrøm får ikkje vita kva som er i Grandiosa

Då kokk og programleiar Eyvind Hellstrøm ville finne ut kva ein Grandiosa-pizza er laga av, møtte han stengde dører.

Eyvind Hellstrøm meiner det må vere openheit rundt kva maten vår inneheld. Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Eyvind Hellstrøm meiner det må vere openheit rundt kva maten vår inneheld. Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I den nye sesongen av «Hellstrøm ryddar opp – heime» reiste han til Stranda for å besøkje fabrikken til Stabburet og sjekke kva ein Grandiosa inneheld. Men då han kom fram til pizzabygda møtte han stengde dører, skriv VG.

Fabrikkeigar Orkla Foods ville nemleg ikkje sleppe Hellstrøm og kamerateamet inn i produksjonslokala. Grunngjevinga var at fordi Hellstrøm sjølv har laga ein serie med ferdigmatprodukt, så ser dei på han som ein konkurrent som ikkje kan få innsyn.

Hellstrøm meiner på si side at grunngjevinga frå Orkla Foods er for tynn.

Annonse

– Dei kan fint seie at det er produksjonsløyndommar, men dei kan ikkje vere avvisande med tanke på kva som finst i produkta. Det er så stort søkjelys på kva som finst i produkta vi et no: sukkeret, saltet og palmeoljen. Derfor må det vere openheit rundt kva produkta inneheld, seier Eyvind Hellstrøm til VG.

Neste artikkel

Per Borglund: Pizza er norsk tradisjonskost