Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havstraumar styrer smitte av lakselus

Havstraumane held over 95 prosent av lakselusa innanfor bestemte område. Straumane bestemmer og kor lusene som driv ut frå desse områda hamnar, viser ny forsking.

Havforskingsinstituttet har forska på korleis lakselus spreier seg langs kysten. Foto: Hans-Petter Fjeld (CC BY-SA 2.5)
Havforskingsinstituttet har forska på korleis lakselus spreier seg langs kysten. Foto: Hans-Petter Fjeld (CC BY-SA 2.5)

Det er bakgrunnen for å dela kysten inn i ulike oppdrettssoner.

I den ferske stortingsmeldinga om havbruk som regjeringa nyleg la fram, blir det føreslege å dela norskekysten inn i 11– 13 produksjonsområde for oppdrett av laks og regnbogeaure.

Dette er gjort etter tilråding frå Havforskingsinstituttet som har forska på korleis lakselus spreier seg langs kysten.

– Målet med å dela kysten inn i produksjonsområde er at mesteparten av smitten frå lakselus skal haldast innan det same hovudområdet, samtidig kan vi talfesta smitte mellom områda. For å oppnå dette er det viktig at sonene er store nok. Nokre lus vil uansett alltid driva ut av eit område, men det kan reduserast til godt under 5 prosent dersom lokalitetane blir plasserte føremålstenleg i forhold til straumen, heiter det på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Annonse

Ved å sleppa ut tre lakselus frå ein lokalitet og sjå korleis desse følgjer havstraumane, har forskarane laga modellar som reknar ut korleis lakselusa blir frakta med straumen til dei er store nok til å festa seg på laksefisk.

– Om lakselusa ikkje finn ein fisk å festa seg til innan ei bestemt tid, døyr lusa. Dermed er det mogleg å finna ut kva område lakselus frå kvar einskild lokalitet hamnar i, skriv Havforskingsinstituttet. (©NPK)

Neste artikkel

Hvem eier de norske fjordene?