Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Harde frontar før dagens rovdyrmøte

Sp slår tilbake mot kritikken.

Knut M. Olsen i Sp er lei av at opposisjonen skuldar regjeringa for ikkje å syne kort i rovdyrspelet, og slår tilbake.

- Eg opplever dette som ein røykleggingsmanøver, seier han.

I dag møtest alle partia på Stortinget til eit nytt rovdyrmøte for å avklare om det er grunnlag for drøftingar av eit nytt forlik i Stortinget. Opposisjonspartia Høgre og Frp har den siste tida kome med krass kritikk av regjeringa si handsaming av saka.

Førre veke inviterte Frps stortingsgruppe opposisjonspartia Høgre og KrF med på å utforme eit eige forslag til rovdyrforlik for Stortinget, eit såkalla representantforslag, medan Høgre arrangerte eiga høyring med politikarar, fagfolk og organisasjonar.

Misnøye med regjeringa

Bakgrunnen for begge initiativa er misnøye over at regjeringa ikkje har lagt fram eit forslag til rovdyrforlik som utgangspunkt for forhandlingane i Stortinget.

Opposisjonspartia skuldar regjeringa for ikkje å ville syne korta sine og seier det vert uaktuelt å forhandle om eit nytt forlik før regjeringa har presentert eit utgangspunkt for forhandlingane.

Rovdyrpolitisk talsperson Knut M. Olsen i Senterpartiet er irritert over kritikken og meiner at særleg Høgre bør feie for eiga dør.

- Høgre speler ei underleg rolle. Til dags dato har ikkje partiet sagt eit ord om kvar dei sjølv står i spørsmålet om rovdyr, seier han.

- Taktisk åtak

Olsen syner til at Høgre sitt partiprogram ikkje fortel om partiet vil ha færre eller fleire rovdyr.

- Eg opplever utspela deira som ein røykleggingsmanøver og ei form for taktisk åtak for å skjule at dei sjølv ikkje kan einast om eit standpunkt innåt, seier Olsen.

- Regjeringa har som mål å få eit breitt forlik i Stortinget i vår om talet på ulv og bjørn i Noreg.

Annonse

- Kvifor skal du ha Høgre til å syne kort når ikkje de vil gjere det?

- Kva Sp meiner er velkjent. Vi vil ha færre rovdyr. Det har vi vore tydelege på heile tida. Det var også difor vi ikkje var med på førre forlik. Vi såg at det ville skape store konfliktar i områda med mykje rovdyr. Dessverre har vi fått altfor rett, seier han og legg til at han ikkje skjønar kvifor opposisjonen klagar over høve til å starte forhandlingane i Stortinget.

Håper på tidsplan

- Opposisjonspartia har år etter år klaga over at regjeringa kjem til Stortinget med ferdigtygde forslag. Då er det underleg at dei seier nei til å vere med å forhandle om eit forlik frå dag ein.

- Kan det ikkje også sjåast som underleg at opposisjonen vert spurte om forhandlingar i ei sak som dette, men ikkje i nokre andre saker?

- Nei, ikkje om ein les Soria Moria-erklæringa. Der står det at vi skal invitere til eitt breitt forlik om rovdyrpolitikken. Det er den einaste saka det står slik om, seier Olsen.

- Høgre og Frp kritiserer dykkar handsaming av saka, og no kritiserer du dei. Korleis vurderer du sannsynet for å kome nokon veg på møtet de skal ha?

- Vi er innstilte på å kome til semje om ein tidsplan for arbeidet vidare og eg håper alle kjem til å gjere eit ærleg forsøk på å få til det.

- Kva gjer Sp dersom møtet ikkje fører fram?

- Eg vil ikkje forskuttere eit negativt resultat. No har alle parti sagt ja til å møtast, så får vi ta det derifrå.

Neste artikkel

Er du redd for å møte bjørn i sommer? Slik oppfører du deg