Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hardanger taper morell-terreng

På berre ei veke klarer morelldyrkarane i Telemark å levere like mange morellkorger som dyrkarane langs austsida av Sørfjorden gjer på heile sesongen.

Sjølv om etterspurnaden er på plass og det er pengar å tene, vegrar mange seg mot å investere i morellproduksjon i Hardanger, ifølgje morellbonde Torstein Sekse. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen
Sjølv om etterspurnaden er på plass og det er pengar å tene, vegrar mange seg mot å investere i morellproduksjon i Hardanger, ifølgje morellbonde Torstein Sekse. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen

Telemark og Lærdal er blitt dei største på morellproduksjon i Noreg, medan Hardanger ikkje klarer å følgje med i utviklinga, skriv Hardanger Folkeblad.

– Her har eple og plommer meir og meir teke over dei ti-femten siste åra, seier leiar av Ullensvang Hagebrukslag Magnus Opedal til avisa.

Les og: Må importere bær for å dekke etterspørselen

Han meiner det er synd om ikkje Hardanger-namnet markerer seg før uti august når plommene og dei første epla kjem, og at fruktbøndene i området derfor burde prøve å halde oppe morellproduksjonen.

Annonse

Sjølv om etterspurnaden er på plass og det er pengar å tene, vegrar mange seg mot å investere i morellproduksjon i Hardanger. Morelldyrkarar må rekne med store investeringar for å få gode dekkjesystem, og med morellar på garden går heile sommarsesongen og alle dagane i veka med til innhausting.

Ved å legge om til plommedyrking får ein meir fridom, og slepp å ofre familieliv og sommarferie, fortel morellbonden Torstein Sekse til Hardanger Folkeblad. (©NPK)

Neste artikkel

Vil øke prisene på frukt og grønt med 17 prosent