Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Guri Størvold inn i Norgesgruppen

Valt til nytt medlem av konserstyret i dag.

Tidlegare statssekretær for Senterpartiet, Guri Størvold, vart på generalforsamlinga i Norgegruppen ASA i dag valt til nytt medlem av konsernstyret i selskapet.

Størvold gjekk av som statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet i 2012, og har sidan då vore rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Zynk.

- Norgesgruppen er eit utruleg spennande selskap, og ein stor og viktig aktør for forbrukarane, distriktet, miljø og landbruket. Eg vil gjerne bidra med bakgrunnen og kunnskapen min til å vidareutvikle selskapet, seier Størvold til nationen.no

Gjensidig avhengigheit

Ho seier Norgesgruppen og landbruket er gjensidig avhengige av kvarandre, og vonar ho kan bidra til betre samarbeid i verdikjeda for mat.

- 80 prosent av varene Norgesgruppen sel er norskprodusert. Daglegvarehandelen er den viktigaste kanalen for norske bønder, seier Størvold.

Bondebakgrunn

Annonse

Ho er sjølv oppvaksen på gard i Steinkjer i Nord-Trøndelag, og trur det er bra for styret i Norgesgruppen å få inn nokon med landbruksbakgrunn.

- Det er mykje å hente på å betre samarbeidet mellom Norgesgruppen og landbruket. Vekst og velstand for den eine heng saman med vekst og velstand for den andre.

- Samstundes opplever eg at Norgesgruppen har eit viktig engasjement for distrikta. Norgesgruppen tek eit stort samfunnsansvar ved å sikre at folk i distrikta skal få same varer til same pris som folk i byane, seier Størvold.

Styreleiar i Norgesgruppen er Knut Hartvig Johannson.

Norgesgruppen hadde i 2012 ei omsetning på 62 milliardar kroner, og i overkant av 1600 butikkar innanfor butikkjedene Kiwi, Joker, Nærbutikken, Spar, Eurospar, Ultra og Meny.

I tillegg eig Norgesgruppen mellom anna distribusjonsselskapet Asko (100 prosent), Deli de Luca (100 prosent), Dolly Dimples (100 prosent), Kaffebrenneriet (50 prosent) Bama (45 prosent), Norli Libris (49 prosent) og Unil (90,8 prosent).

Neste artikkel

Trump: – Parisavtalen fungerer tydeligvis ikke så bra for Frankrike