Sjølv om omsetjinga til Lerum har gått ned, er det ei auke på tre millionar kroner i høve 2009. Saft- og syltetøyprodusenten frå Sogn har hatt eit vanskeleg år, men har likevel greidd å auke lønsemda.
Les òg: Designsatsing gir rekordresultater
- Det er bra vi greier å halde god lønsemd i eit år med sterk konkurranse og press på salsvolumet, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i ei pressemelding.
Lanserer sukkerfritt
Lerum har hatt suksess med syltetøy utan sukker, og vil ifølgje NRK lansere sukkerfri saft i løpet av 2011.
- Premiumprodukta har hatt god utvikling. Relanseringa i september 2010 av Lerums syltetøy utan tilsett sukker har gjeve oppsving i salet, står det i pressemeldinga.