Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Geiter på Sunnmøre med luksusrømme

Tine-meieriet i Ørsta har laga ein ny geiterømme som dei satsar på å selje inn til gourmetrestaurantar og delikatessebutikkar.

Gourmetrestaurantar og delikatessebutikkar er målet for geiterømmen frå Ørsta. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Gourmetrestaurantar og delikatessebutikkar er målet for geiterømmen frå Ørsta. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Den første prøveproduksjonen på 450 kilo blei ein suksess, og meieriet satsar no vidare på geiterømme, som den einaste produsenten i landet, skriv Møre-Nytt.

– Kvaliteten på geitemjølk har betra seg kolossalt dei to-tre siste åra. Takka vere arbeidet som har vorte lagt ned hos bøndene, har kvaliteten på råstoffet betra seg veldig, seier kommunikasjonsrådgjevar i Tine Olav Håland til avisa.

Annonse

Geitemjølka kjem frå lokale produsentar. Først vert mjølka skumma, deretter vert fløyten tilsett mjølkesyrebakteriar og tappa på 1-kilosbeger. Etter 20 timar i 22 grader er rømmen klar til bruk.

Neste artikkel

Besøkskapasiteten i Geirangerfjorden sprengt