Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gard frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» solgt langt under prisforslaget

Den gamle fjellgarden Kjeåsen i Hardanger gjekk til sist for 3,85 millionar kroner, 800.000 kroner under prisforslaget.

Etter at prisen på fjellgarden Kjeåsen blei sett ned frå 7,5 millionar kroner til 4,65 millionar har det meldt seg mange interesserte kjøparar både frå inn- og utland. Kjeåsen ligg i ei fjellside 530 meter over Simafjorden i Eidfjord kommune og er ein populær turistattraksjon. Foto: Sondrekv / Wikimedia

Kjeåsen ligg flott til i fjellsida 530 meter over Simafjorden i Eidfjord kommune og er mellom anna kjent frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som var på besøk i 2002. Men i motsetning til tvillinggarden har det selde bruket stått tomt og forfalle sidan 1962.

Les også: Fjellgard uten boplikt til sals i Hardanger

Garden har vore prøvd seld to gonger tidlegare med omtrentprisar på 7,5 og 5,5 millionar utan hell. Men da Privatmegleren i Hallingdal i sommar tok over og la ut det 82 mål store bruket med eit prisoverslag på 4.650.000 kroner, var interessa mykje større.

Annonse

– Salet gjekk greitt. Det var mange interesserte og mange på visning, og både seljar og kjøpar er godt fornøgde, fortel eigedomsmeklar June Merete Langeland i Privatmegleren Hallingdal, som ikkje kan røpe kven kjøparen er.

Kjøparen får i alle høve ein formidabel jobb med å pusse opp dei dårleg vedlikehaldne bygningane, men kan gle seg over vakker utsikt, gode jaktmoglegheiter og eiga villreinkvote.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997