Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesleiarar i Sp seier gjennomslag for styrka tollvern er avgjørande for partiet

Fleire fylkesleiarar i Senterpartiet krev at Arbeiderpartiet går med på å styrke tollvernet for landbruksvarer i budsjettforhandlingane.

Fleire fylkesleiarar i Sp forventar at ?Arbeidarpartiet går med på å styrke ?tollsatsane i budsjettforhandlingane. Les også: Tollvern blir viktigst for Sp i budsjettsamtalene til regjeringenBrotet i jordbruksforhandlingane i vår kosta Sp dyrt. Det får fleire fylkesleiarar i det hardt pressa regjeringspartiet til å krevje gjennomslag i budsjettforhandlingane med Ap og SV i dag. - Det er eit krav får oss, og me forventar at Sp får gjennomslag i statsbudsjettet for 2013, seier fylkesleiar i Nord-Trøndelag Sp, Tomas Iver Hallem. Les også: Landbruket krev at Vedum må styrkje tollvernet - Styrkt tollvern vil leggje til rette for eit godt jordbruksoppgjer neste vår, seier fylkesleiar i Rogaland, Bjarne Undheim. - Brotet i jordbruksforhandlingane i vår råka grunnfjellet og skaka grunnvollane i partiet. Skal Sp over sperregrensa, må landbrukspolitikken vera på stell, seier fylkesleiar i Buskerud Sp, Kari Anne Sand. Fleire Nationen har snakka med syner til at Sp har stor støtte fra grasrota i partiet for sitt syn, og at fleirtalet i næringskomiteen på Stortinget, med dei raudgrøne, vil styrke tollvernet.- Ap må la Sp få gjennomslag - Det bør vera i Ap si interesse å la Sp få gjennomslag for viktige saker, for å sikre det raudgrøne samarbeidet vidare, seier Sand. - Ap sitt syn i jordbruksforhandlingane var at tollspørsmål er budsjettsak. Me ventar difor at Ap fylgjer opp i statsbudsjettet og at Sp får gjennomslag for styrkt tollvern, seier fylkesleiar i Oppland, Ivar Odnes. Ikkje kabinettspørsmål Fylkesleiarane er varsame med å krevje at Sp går ut i regjeringa om partiet ikkje får Ap med på å auke tollsatsane på viktige landbruksprodukt. - Får ikkje Sp gjennomslag i denne runden, får me analysere situasjonen då, seier fylkesleiar i Hordaland, Jostein Ljones. Les heile saka i e-avisa eller i papirutgåva torsdag 30. august.

Annonse

Neste artikkel

Forskar kritisk til at økobønder får kompensasjon for gjødsel