Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Furuberg ber landbruksminister Brekk flytte pengar og auke inntekta

Sjølv utan å auke ramma kan jordbruksoppgjeret gi 6000 kroner meir i inntektsvekst for bøndene. Småbrukarlaget ønskjer omprioritering. Brekk er taus.

I tilrådinga som regjeringa legg fram fredag kan bøndene få rundt 19.000 kroner i inntektsvekst, i staden for 13.000 kroner, som var det opphavlege tilbodet i jordbruksoppgjeret. Ved å omprioritere pengar frå investeringsstøtte kan regjeringspartia unngå at bøndene sakkar ytterlegare akterut i inntekt, utan å auke totalramma. Det får Nationen stadfesta frå fleire hald.

Les også: Brekk taper kampen mot Ap for styrket importvern på ost

Småbrukarlaget ber landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) ta affære.

- Inntektssituasjonen i landbruket er prekær. Alt som kan gå rett til bonden vil vere bra. Vi ser gjerne at delar eller heile beløpet som staten vil bruke til Landbrukets Utviklingsfond (LUF), heller går til å betre inntekta, seier leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kan tette litt av gapet

Nær ein tredel av ramma i jordbruksoppgjeret, 275 millionar kroner, går i tilbodet frå staten til Landbrukets Utviklingsfond (LUF). Pengane skal etter planen gå til mellom anna investeringsstøtte og støtte til grøfting. Om heile beløpet i staden vart endra til inntektsgjevande tilskot til bøndene, ville inntektsveksten ifølgje kalkylane til staten auke frå 13.000 kroner til 19.000 kroner pr årsverk. Andre yrkesgrupper er venta å få 17.400 kroner i lønsvekst. Dermed kunne bønder tatt igjen litt av forspranget.

- Det viktigaste regjeringa kan gjere for å reise kjerringa er å varsle styrka tollvern. Det vil ha effekt for all framtid. Omprioritering vil òg hjelpe, og det er ingenting i vegen for å gjere endringar der, seier professor Reidar Almås på Bygdeforskning.

Annonse

Les også: - Ap bruker jordbruksoppgjøret til å presse Sp ut av regjering

Leiar Nils T. Bjørke i Bondelaget seier det er lite å vinne å flytte pengar, noko han ikkje vil tilrå.

Taus Brekk, kollega avviser

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) vil ikkje å kommentere saka. Irene Lange Nordahl (Sp) avviser omprioritering.

- Vi legg til grunn det tilbodet som blei gitt, og vi legg ikkje opp til særlege endringar eller omprioriteringar, seier ho.

Les også: Fleire bønder ønskjer å selje mjølkekvoten

Neste artikkel

Jordbruksoppgjeret: Her er hovudpunkta i avtalen