Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frp i Rogaland vil krevje full erstatning til pelsbøndene

Fylkesleiaren i Rogaland har to krav ho vil fremme til partileiinga.

Fylkesleiar Margrete Dysjaland i Rogaland Frp. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Fylkesleiar Margrete Dysjaland i Rogaland Frp. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Frp-leiar Siv Jensen har varsla at partiet vil definere ei liste med veldig klare krav overfor statsminister Erna Solberg (H).

Regjeringa er i full splid etter at Høgre, Venstre og Krf sa ja til å hente heim ei terrorsikta norsk-pakistansk kvinne og hennar to barn frå Syria.

Frp tok dissens, og då avgjerda blei kjent gjekk fleire profilerte partifellar ut og tok stor avstand frå det som hadde blitt bestemt.

Annonse

Onsdag kveld blei det halde krisemøte i partiet. I etterkant av det hadde Jensen ein pressekonferanse der ho mellom anna sa at Frp ikkje vil sitte i regjering for ein kvar pris. Det var også her at ho avslørte at partiet skal kome med ei liste med krav overfor dei andre regjeringspartia.

No jobbar fylkesleiarar landet rundt med innspel til lista.

I Rogaland har fylkesleiar Margrethe Dysjaland to klare krav ho håpar vil kome med: Fjern bompengeregimet og gje full kompensasjon til pelsbøndene.

– For oss i Rogaland er det to ting som er viktige. Det er heilt klart eit mykje tydelegare gjennomslag for å få fjerna bompengeregimet. Og så er det å fullt ut få kompensert pelsdyrbøndene. Om eg blir spurt til råds, er det det to tinga eg vil spele inn, seier Dysjaland til NRK.

Neste artikkel

Energi Norge om havvind: Dette taler for og dette taler imot