Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Freda måkeungar blei offer for fôrhaustar ved Hydros bygg

Over tretti fiskemåkar døydde då Hydro Karmøy slo graset på feil tid. Aluminiumsverket slepp likevel straff.

I graset ved Hydro låg over tretti døde fiskemåkeungar. Arten er freda og kom på raudlista i 2010. Foto: NTB Scanpix
I graset ved Hydro låg over tretti døde fiskemåkeungar. Arten er freda og kom på raudlista i 2010. Foto: NTB Scanpix

Det var i juli at ein representant frå Karmøy ringmerkingsgruppe såg at graset framfor inngangen til Hydro var slått. I graset låg over tretti døde fiskemåkeungar. Arten er freda og kom på raudlista i 2010.

– Dette er trist og tragisk. Dette skulle ikkje skje, seier naturforvaltar Peder Christiansen i Karmøy kommune til NRK.

Bestanden i Rogaland er redusert med 90 prosent dei siste tretti åra, og i dag er det om lag 200 fiskemåkepar att i fylket.

Annonse

Hydro Karmøy har avtale med lokale bønder om å slå graset på området, og somme stader skal det ikkje slåast i hekkeperioden. Informasjonsleiar Halvor Molland i Hydro seier til NRK at det dessverre var det som skjedde. Bedrifta har i etterkant av episoden betra rutinane for å slå graset.

Fylkesmannen i Rogaland har latt vere å melde Hydro til politiet fordi dei meiner aluminiumsverket handtert hendinga på ein god måte, og no truleg har skjerpa ansvaret for måkane. ©NPK

Neste artikkel

Varestrøm og strømvare