Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Freda bygg får pengehjelp

Riksantikvaren har fordelt 69 millionar kroner til fylkeskommunane som skal gå til reparering av freda bygningar i privat eige.

– Eigarane gjer ein stor frivillig innsats for å ta vare på freda hus, seier riksantikvar Jørn Holme som nå løyver pengar til å hjelpa dei. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
– Eigarane gjer ein stor frivillig innsats for å ta vare på freda hus, seier riksantikvar Jørn Holme som nå løyver pengar til å hjelpa dei. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I år går dei største summane til Oppland og Hordaland. Det er dei to fylka som har flest freda bygningar i privat eige, ifølgje Riksantikvaren. I tillegg får fylkeskommunane over 20 millionar kroner, som skal gå til verdsarvstadene.

– Dei freda husa i Noreg er ein viktig del av kulturarven vår. Mange av desse historiske bygningane er i privat eige, og eigarane gjer ein stor frivillig innsats for å ta vare på dei. Staten dekkjer ein stadig større del av istandsetjingsutgiftene, seier riksantikvar Jørn Holme.

Les også: Krever 40 millioner til brannsikring av tette trehusmiljø

Annonse

Folk som ønskjer informasjon om dei ulike utbetringsprosjekta i kvart fylke, kan kontakte fylkeskommunen, opplyser Riksantikvaren.

Neste artikkel

Ber Dale kome på banen i arkeologi-strid