Havforskarane skriv i eit brev til Mattilsynet at dei fryktar at situasjonen kan bli svært alvorleg, ikkje berre for villfisken, men òg for oppdrettsnæringa.
Overvakinga som Havforskingsinsituttet har gjort dei siste vekene, viser at nesten all sjøaure dei har undersøkt i oppdrettsnære område, er hardt råka av lakselus.
– I desse områda har vi funne 50 til 100 lakselus på mykje av fisken vi har undersøkt, og både i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har vi funne fisk med mange hundre lus, seier Pål Arne Bjørn, som er prosjektleiar for den nasjonale lakselusovervakinga.
Det ser ut til at mykje av laksesmolten har komme seg ut i havet før lusesituasjonen tilspissa seg, men forskarane fryktar at sommaren kan bli tøff for sjøauren.
– Slik situasjonen er no, ventar vi alvorlege negative effektar for sjøaurebestandane over store geografiske område, seier Bjørn.