Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskar: – Bygda treng hjelp med turisme

Dersom gardsturisme og anna turistnæring skal lykkast med å sikra busetjing og arbeidsplassar på bygda, treng bygdefolk hjelp frå profesjonelle, meiner forskar.

Må ha kunnskap: Forskar Jan Velvin meiner at dei som driv med gardsturisme må vite kva turistane ønskjer seg, som for eksempel nærleik til dyr. Illustrasjonsfoto: NTB / scanpix

– Skal turismesatsinga lykkast, må ho forankrast i samarbeid mellom tilbydarane i området, seier forskar Jan Velvin til nettsidene for Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMNU) på Ås.

Les også: NHO Reiseliv fortviler over mindre norgesreklame

Han meiner dei ulike regionane i Noreg bør tilsetja koordinatorar som kan samordna turismen.

– I tillegg har kommunen ei svært viktig rolle som tilretteleggjar for næringsutvikling, seier han.

– Sjå til Hemsedal!

Velvin, som er førstelektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold, er i ferd med å ta doktorgrad og har særleg sett på kva som skal til for å utvikla gardsturisme i randsona av verneområde og korleis slik turisme kan bidra til lokal næringsutvikling.

Annonse

Forskaren meiner Hemsedal er eit godt døme på ein region som har lykkast med å kombinera turisme og tradisjonelt landbruk. Etter det artikkelen fortel, tek bygda imot sju til åtte hundre tusen turistar kvart år. Samtidig er dette det området i Buskerud med flest mjølkebønder – og flest millionærar i høve til folketalet i Noreg.

Ulike kulturar

Velvin meiner det er viktig at dei som tilbyr gardsturisme har kunnskap om kva turistane ønskjer seg, og peikar på at det som blir tilbydd ikkje alltid er det turistane er ute etter. Han meiner difor det er viktig at dei som driv gardsturisme får hjelp utanfrå.

Les også: Reiselivet tror på nytt gullår

– Gardbrukarane er i praksis innovatørar, men dei er vande til å arbeida åleine, og baserer turismen på eksisterande kultur. Det vil kunna bidra positivt dersom dei har ein som kan leggja til rette for prosessane og som ikkje er forankra i den same kulturen, seier forskaren. (©NPK)

Neste artikkel

Utlandet har oppdaget våre turveier