Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

For dårleg sikring av personopplysningar

Halvparten av norske kommunar sikrar ikkje personopplysningane godt nok.

Halvparten av norske kommunar følgjer ikkje kravet i personopplysningslova om internkontroll. Dette kjem fram i kommuneundersøkinga til Datatilsynet for 2010.

Mellom juni og november 2010 bad Datatilsynet alle norske kommunar og fylkeskommunar å gjere greie for korleis krava til internkontroll og informasjonstryggleik vart tatt vare på.

429 av 449 kommunar og fylkeskommunar svara på undersøkinga.

Berre 52 prosent seier dei har eit dokumentert system for internkontroll. Det tyder at nesten halvparten av kommunane og fylkeskommunane i landet ikkje har god nok kontroll med personopplysningane sine.

- Til trass for at leiinga i kommunane kjenner lova om datatryggleik, svarer mange at dei ikkje har utvikla tryggleikssystem, eller planer om å følgje krava i lova om personopplysningar, seier Renate Thoreid, prosjektleiar i Datatilsynet til NRK.

Annonse

Lovbrot Dei som ikkje har svara på undersøkinga, mellom anna Vest-Agder fylkeskommune, fleire kommunar på Austlandet og åtte kommunar i Nord-Noreg, får eit skarpt purrebrev frå Datatilsynet.

- Dei har ikkje svara på undersøkinga ein gong. Desse gjer seg skuldig i lovbrot, seier Thoreid.

Ikkje orden

Sauherad, Nome og Bø står på lista over kommunar som ikkje har orden i systemet

- Me har alltid lagt vekt på at opplysningane har vore teknisk sikra. Tryggingsrisikoen ligg gjerne fordelt mellom 20 prosent teknisk tryggleik, og 80 prosent menneskeleg svikt, seier IKT-sjef i Midt-Telemarkskommunane Anne Fredriksen til NRK.

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg