Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fødestover gir ikkje auka risiko

Det finst ikkje statistisk grunnlag for Helsetilsyns åtvaringar om forsterka fødestover i 2010. Ifølgje Helsedepartementet er det ikkje nye opplysningar.

Direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn varsla i desember 2010 Helsedepartementet om at små fødeavdelingar og forsterka fødestover var meir risikable for fødande enn ordinære fødestover. Konklusjonen var basert på ein førebels gjennomgang av innrapporterte fødselsskadar på barn mellom 2006 og 2008, og var ifølgje NRK medverkande til at helseministeren la ned tre forsterka fødestover tidlegare i år.Les også: Skuffet over kutt i fødetilbudetLes også: Hevder Stoltenberg vil fjerne lokalsykehusene No ligg den endelege rapporten frå Statens helsetilsyn føre. Han syner at det ikkje finst statistisk eller fagleg grunnlag for å seie at dei forsterka fødestovene er meir risikable for fødande enn ordinære fødestover. Det stadfestar Lars T. Johansen i Helsetilsynet, som har vore med å utarbeide rapporten, overfor Nationen. - Det vi kan slå fast av denne gjennomgangen er at fødeavdelingar med under 1000 fødslar per år har statistisk fleire skadar i forhold til det totale fødselstalet ved avdelingane enn det større fødeavdelingar har, seier Johansen. Koordinator Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehus kallar informasjonen oppsiktsvekkjande og meiner dei forsterka fødestovene er nedlagde på feil grunnlag. - Nye opplysningar Direktøren i helsetilsynet ser heller ingen grunn til sjølvkritikk for varslingsbrevet frå 2010. - Vi står for det vi skreiv i brevet i 2010, der vi også åtvara mot å trekkje bastante konklusjonar frå den førebelse gjennomgangen, seier han. Senterpartileiar Liv Signe Navarsete, som tapte regjeringsforhandlingane om dei forsterka fødestovene tidlegare i år, ønskte i går ikkje å kommentere rapporten frå Statens helsetilsyn, men synte vidare til Helse- og omsorgsdepartementet for kommentar.Les også: Bli kjent med distriktsjordmødrene Navarsete stadfesta likevel at rapporten inneber nye opplysningar for hennar del. Ifølgje kommunikasjonsavdelinga i Helse- og omsorgsdepartementet inneber ikkje opplysningane noko nytt for departementet. I ein e-post syner departementet til at talmaterialet frå Helsetilsynet er for lite til å skilje ut enkeltinstitusjonar, men stort nok til å gi råd om korleis kvaliteten bør aukast. - Helse- og omsorgsdepartementet har stor tillit til analysen frå Helsetilsynet, heiter det i e-posten. Talmaterialet frå Statens helsetilsyn syner at berre ein av totalt 21 fødselsskadar innrapportert frå fødeavdelingar med under 1000 fødslar i året er frå ei forsterka fødestove. 4 av dei innrapporterte skadane skjedde ved to ordinære fødestover, medan dei 16 siste skadane fordelte seg på 8 mindre fødeavdelingar. - Har ikkje gitt rådHanssen syner til at Helsetilsynet ut frå heile materiale i undersøkinga identifiserte risikofaktorar som gjer mindre fødeinstitusjonar sårbare. - Det er faktorar som at dei til dømes ofte har vikarlegar eller at legane har vakt heimanfrå og må tilkallast. Det gjeld for dei mindre fødeinstitusjonane, medrekna dei forstrekte fødestovene, men ikkje for dei ordinære fødestovene som berre har jordmor og ikkje lege, seier han. Han seier at Statens helsetilsyn ikkje har gitt råd eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda på grunnlag av brevet frå 2010. Øien Hauge er av ei anna oppfatning. Ho kallar tala oppsiktsvekkjande. - Eg har stussa på kvifor dei gjekk ut med førebelse konklusjonar som verka så ulogiske i 2010, og har venta spent på tala som no ligg føre. seier ho.

Annonse

Neste artikkel

Kvinnekamp for bedre helsetilbud