Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flytilsette meiner det ikkje blir stilt krav til løns- og arbeidsvilkår i anboda

Flytilsette fryktar sosial dumping og er overraska over at løns- og arbeidsvilkår ikkje er tema når Samferdselsdepartementet skal velje nye selskap til flyruter i distrikta.

Norsk Flygerforbund er overraska over at løns- og arbeidsvilkår ikkje er tema når Samferdselsdepartementet skal velje nye selskap til å operere flyruter i distrikta.Les også: Staten bruker meir på flyrutetilbodet i distrikta - Det kan føre til sosial dumping, seier Aleksander Wasland. Han er leiar i Flygerforbundet, ein paraplyorganisasjon for flygarforeiningane som organiserer pilotar i norske flyselskap. Nestleiar Wenche Navarsete i Widerøes Kabinforening seier det same. - Vi er bekymra for løns- og arbeidsvilkåra, som det ikkje stillast krav til i anboda. Arbeidstakarorganisasjonen Parat organiserer mange av dei som har arbeidsstad i lufta. - Bør stille krav Nestleiar Vegard Einan seier konkurransen om å fly på kortbanenettet kan vere ein fare for den norske løns- og arbeidsvilkårmodellen.- Staten kan ikkje betale for sosial dumping. Meir konkurranse og lågast mogleg pris som den primære drivaren for anbodsutlysinga vil gjere at det norske kostnadsnivået på eit eller anna tidspunkt møte det europeiske konkurransenivået. Ifølgje Einan kan konsekvensane verte at nordmenn tilsett innan luftfart, bur og arbeider i Norge, men på utanlandske vilkår. - Den raudgrøne regjeringa bør stille krav om løns- og arbeidsvilkår, sjølv om det ikkje skulle vere heimla i ei lov, seier Einan. Må vente på svar frå statsrådenSamferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ber om tid til å svare på spørsmåla om sosial dumping. - Her er reist ei rekkje spørsmål som eg treng tid til å følgje opp, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Ho lovar å kome tilbake til spørsmåla om sosial dumping så snart det lar seg gjere. På generelt grunnlag seier Kleppa at ho er oppteken av å sikre norske løns- og arbeidsvilkår i ulike greiner av transportsektoren. Les heile saka i e-avisa til Nationen onsdag 14. desember

Annonse

Neste artikkel

Regjeringen lover fortgang i utviklingen med mer gods på bane