Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskeoppdrettarane vil ha fleire oppdrettsfjordar

Fiskeoppdrettarane bed staten opne for fiskeoppdrett fleire stader.

- Kvar dag produserer den norske fiskenæringa 37 millionar måltid, noko som er tre gonger så mykje mat som blir produsert i det norske jordbruket, seier styreleiar Gunnar Domstein i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) til Aftenposten.

På årsmøtet til FHL i Tromsø var det semje om at Noreg må bli det største europeiske sjømatkammeret. Domstein seier matproduksjonen på land neppe kan aukast, men at det er store moglegheiter i havet. I Tromsø blei det foreslått å evaluere laksefjordane, der oppdrett er forbode av omsyn til villaksen.

Les også: Norske lakseelver vil ha strengere krav til opprettsnæringa

Det blei òg foreslått å sleppe til oppdrettarar i sjøen under fjell som tidlegare har vore fuglefjell, men ikkje fungerer som dette i dag.

Annonse

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen seier potensialet til fiskeri- og havbruksnæringa er enormt.

- Visjonen om å bli den største sjømatnasjonen i verda er realistisk, seier ho til avisa og legg til at Noreg må ha ei sjømatnæring med mangfald og breidd, og ikkje berre vere ein råstoffleverandør.

- Kravet til næringa er at ho må vere komplett både på sjø og land. (©NPK)

Neste artikkel

Sykdomsutbrudd ved oppdrettsanlegg i Namsenfjorden