Sidan tusenårsskifte har produktivitetsveksten, målt som produksjon per time, vore meir enn fire gonger større i landbruket enn i resten av næringslivet. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Medan veksten var 16 prosent for alle næringar, var auken over 67 prosent for jordbruk og skogbruk sidan år 2000.
Produktivitetsveksten
Produksjonen per time, arbeidsproduktiviteten, har auka med til saman 67,5 prosent i landbruket sidan år 2000, mot 16,4 prosent i næringslivet samla ifølgje SSB.
Blir indeksen sett til 100 i 1980 blir resultatet i 2013 ein indeks på 363 for landbruket og 210,5 for næringslivet totalt.
Tala er henta frå statistikk-banktabell 09174 og tilverka av SSB for Nationen.
Held produktiviteten oppe
For næringslivet generelt gjekk produktiviteten ned etter finanskrisa og returnerte først i fjor til nivået frå åra før finanskrisa, viser SSB-tala. Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har sagt seg bekymra for utflatinga i produktiviteten og regjeringa nedsette i vinter ein kommisjon for å auke produktiviteten.
For landbruket har derimot produktivitetsveksten i same periode stort sett halde fram i stort tempo. For dei to siste åra som er med i statistikken, 2012 og 2013, var produktivitetsveksten i landbruket på 5,5 og 5,2 prosent. Det bidreg til at produktivitetsveksten samla sidan år 2000 er over fire gonger større i landbruket enn i næringslivet elles.
– Arbeidsforbruket går ned kvart år i landbruket. Ei av forklaringane kan vere at Norge er eit høgkostland. Når bonden skal spare kostnader, kan det å kutte i arbeidsforbruket vere lønsamt. Ein måte å gjere det på er å kjøpe robotar, sjølv om dei er dyre, seier Hegrenes.
Milliardeffektivisering
Offisielle tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at norske bønder kjøper maskinar og teknisk utstyr til bruk i driftsbygningar for rundt 1,2 milliardar kroner i året. Størstedelen er ifølgje Hegrenes truleg robotar, fôringsutstyr og annan innandørsmekanisering. Investeringane pr år er fire gonger større enn før tusenårsskifte målt i løpande prisar.
– Eg vil tru at mykje av den veksten avspeglar seg i redusert arbeidsforbruk. Det same gjer nok også investeringane i driftsbygningar på vel 3,2 milliardar kroner i året og kjøp av nye maskinar og reiskap for 2,5 milliardar kroner pr år, seier Hegrenes.
Utstyr til leasing kjem i tillegg.
«Når bonden skal spare kostnader, kan det å kutte i arbeidsforbruket vere lønsamt. Ein måte å gjere det på er å kjøpe robotar.»
Nilf-forskaren trekkjer òg fram strukturutvikling med færre og større bruk, nye maskinar og fjøs og meir importert fôr som medverkande årsaker til at bøndene kan produsere meir per time. Samtidig blir meir kapital bunden opp på kvar gard.
– Målt per bonde blir jordbruket stadig meir kapitalintensivt, seier han.
Har selt 300 fôringsrobotar
Eit av selskapa som merkar utviklinga i landbruket er TKS Agri AS. Jærbedrifta har rundt femti tilsette og automatisert fôringsutstyr utgjer ein stor del av salet.
– Vi lagar fleire fôringssystem, men vi har selt over 300 av typen FeedRobot. Norske bønder ligg langt framme i automatiseringa, men vi merkar aukande interesse også frå andre land, seier marknadssjef Geir Kyllingstad.
Han trur stabile rammevilkår for bøndene og høge arbeidskraftkostnader her i landet bidreg til stor interesse for å kjøpe robotfôring. Dei har eksportert 50 anlegg og trur veksten held fram.
– Det kjem meir og meir nå i Frankrike, Tyskland og Nederland. Det blir dyrare å leige inn folk der òg. Derfor investerer bøndene heller i ein maskin som kan gjere jobben, seier han.