Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felleskjøpet ventar staten tek ansvar for beredskapslagring

Felleskjøpet kjøper Stavanger Havnesilo for 50 millionar kroner og gir klart uttrykk for forventing om statleg beredskapslagring.

Cermaq ASA sel landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo, til Felleskjøpet Agri. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Cermaq ASA sel landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo, til Felleskjøpet Agri. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Cermaq ASA sel landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo, til Felleskjøpet Agri for 49,5 millionar kroner. Begge partane seier seg nøgd med avtalen, men Felleskjøpet legg ikkje skjul på at dei ventar staten i neste omgang stiller opp med ei statlege finansiert ordning med beredskapslagring av korn.

Havnesiloen og kornimport

Felleskjøpet Agri kjøper landets største kornlager, Stavanger Havnesilo, for 49,5 mill. kr. Anlegget stod 
i fare for å bli selt til bustadformål.

Cermaq, der staten eig 59,17 % av aksjane, kjøpte beredskapslageret for korn for 21 mill. kr i 1995.

Havnesiloen kan lagre 195.000 tonn korn, som utgjer heile årets norske importbehov for matkorn, i tillegg til 30.000 tonn melasse til dyrefôr.

60 % av råvarer til korn og kraftfôr og 83 % til fiskefôr er importert.

Vel 20 % av korneksporten i verda kjem frå Svartehav-området. Faren for krig mellom Ukraina og Russland, to av dei største korneksportørane i verda, sende kornprisen 10 % opp på børsane sist veke.

– Kjøpet sikrar at anlegget ikkje blir rive. Vi legg til rette for beredskapslagring av korn, og så har vi forventingar om at styresmaktene tek sin del av ansvaret, seier konsernsjef John Arne Ulvan i Felleskjøpet Agri.

– Opplever brei støtte

Kjøpet skjer etter ein omstridd salsprosess der landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) gjekk ut i Nationen torsdag og bad Felleskjøpet kjøpe kornlageret eller «rydde opp sjølv».

– Føler de regjeringa omtrent har forplikta seg?

– Vi opplever at det har kome fram brei politisk støtte til beredskapslagring av korn den siste tida, både partipolitisk og frå næringa. Det er utgangspunktet vårt. Vi legg til rette for styresmaktene kan nytte anlegget, seier Ulvan.

Styreleiar Einar Enger er einig.

– Sidan staten ikkje ville ta ansvar, så måtte vi ta ansvar. Vi meiner definitivt likevel at beredskap er eit statleg ansvar, men nå er iallfall kornlageret sikra slik at beredskapslagring er mogleg.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar.

40 millionar i gevinst

Cermaq kjøpte havnesiloen av staten for 21 millionar kroner i 1995. Det har Nationen fått stadfesta av fleire kjelder. Cermaq seier salet gir ein bokført gevinst på rundt 40 millionar kroner.

– Vi er tilfreds med løysinga, seier prosjektdirektør Geir Sjaastad i Cermaq ASA.

Norgrain AS, som driv siloanlegget, har leigekontrakt til juni neste år. Sjaastad seier drifta vil gå som vanleg til den tid og at det er opp til nye eigarar og Norgrain i fellesskap kva som skjer etterpå.

– Har de hatt kontakt med staten om salet?

– Ingen kommentar, seier han.

Ulvan seier seg nøgd med prisen og meiner den økonomiske risikoen er avgrensa.

«Vi legg til rette for beredskapslagring av korn og så har vi forventingar om at staten tek sin del av ansvaret.»

John Arne Ulvan, Konsernsjef i Felleskjøpet Agri
Annonse

– Er de avhengige av beredskapslagring for at kjøpet skal gi grei økonomi?

– Vi må sjå på økonomien totalt sett. Kjøpet er fortrinnsvis for å sikre eigedommen for beredskapslagring, seier Ulvan.

– Utan beredskapslagring?

– Dei siste åra, med søkkjande kornvolum, har anlegget gått nær i null. Risikoen verkar avgrensa, men utan beredskapslagring må vi sjå på dei alternativa vi har.

– Sal til bustader er aktuelt?

– Det får vi vurdere om den situasjonen oppstår, seier han.

Overraska konkurrent

Ein av hovudkonkurrentane til Felleskjøpet på kraftfôrmarknaden, Fiskå Mølle, la òg inn bod på eigedommen. Dagleg leiar Leif Kåre Gjerde seier seg forundra over utfallet av saka.

– Vi er overraska over utfallet ut frå dei signala som er gitt frå Felleskjøpet Agri tidlegare, og at dei kom på banen i siste runde.

– De håpa å få tilslaget?

– Ja, det er klart. Samtidig er vi sjølvsagt glade for at kjøpet sikrar vidare drift av anlegget. Det er positivt, både for oss og resten av landbruket, seier han.

Gjerde seier det er for tidleg å seie om dei nå legg planen om nytt kornlager på is. Han karakteriserer oppfordringa frå landbruksministeren til Felleskjøpet om å kjøpe havnesiloen som «spesiell».

– Kva med beredskapslager?

– Norge, som eit av dei vestlege landa med lågast sjølvforsyningsgrad, bør ha eit beredskapslager ut frå risiko for uro eller naturkatastrofar. Det er vår grunnhaldning og det er staten si oppgåve, seier Gjerde.

Neste artikkel

Felleskjøpet Agri kuttar i prisen på kraftfôr etter styrka krone