Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felleskjøpet Agri kjøper Stavanger Havnesilo for 49,5 millionar kroner

Bondeeigde Felleskjøpet Agri sikrar vidare drift av landets største kornlager. – Ei fornuftig løysing, seier styreleiar Einar Enger.

Måndag kveld blei det kjent at bondeeige Felleskjøpet Agri har inngått av tale med statskontrollerte Cermaq ASA om å kjøpe landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo.

Det skjer etter landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) torsdag sist veke bad Felleskjøpet kjøpe Stavanger Havnesilo, som i lang tid har vore beredskapslager for korn her i landet.

Kornlageret stod i fare for å bli rive og erstatta med bustader.

Utspelet til Listhaug skapte sterke reaksjonar blant politikarar på Stortinget.

Kjøpesum: 49,5 millionar kroner

Styreleiar Einar Enger i Felleskjøpet Agri opplyser til Nationen at den avtalte kjøpesummen for kornlageret er 49,5 millionar kroner.

– Det betraktar eg som ein fornuftig pris. Det er alltid ein risiko involvert, men det er på eit fornuftig nivå, seier Enger.

Nationen kunne i helga melde at Cermaq kjøpte Stavanger Havnesilo for 21 millionar kroner frå staten i 1995.

– Vi måtte ta ansvar

Enger vedgår at kjøpet kjem dels som ein konsekvens av at regjeringa nekta å ta ansvar for at kornlageret kunne bli rive.

– Sidan staten ikkje ville ta ansvar, så måtte vi ta ansvar for å sikre anlegget. Vi meiner definitivt likevel at beredskap er eit statleg ansvar, men nå er iallfall kornlageret sikra slik at det er mogleg å starte opp att med beredskapslagring, seier Enger.

Møte i helga

Enger vil ikkje seie kor mange bod som kom på eigedommen eller gå nærare inn på korleis forhandlingane med Cermaq gjekk føre seg.

Han seier saka er behandla i styret i fleire omgangar og at dei hadde møte også i helga.

Annonse

– Var det ein vanskeleg prosess?

– Eg vil verken seie at det var lett eller vanskeleg. Vi har følgd prosedyrane og det er fornuftige representantar involvert frå begge selskap. Vi har fått til ei fornuftig løysing, seier Enger.

Ingen endring i drifta

Stavanger Havnesilo blei bygd som beredskapslager for korn av Statens Kornforretning.

Den største silobygningen er bygd i 1965, medan ein nær halvparten så stor silo blei bygd i 1978.

Anlegget har ein lagringskapasitet på 195.000 tonn korn og 30.000 tonn melasse, som blir brukt til dyrefôr, og skal vere den største i Skandinavia.

Siloanlegget blir i dag drive som eit kommersielt kornlager av driftsselskapet Norgrain AS, der Cermaq har 72,5 prosent av aksjene og Østfoldkorn SA har 26,77 prosent av aksjane.

Norgrain har leigeavtale på siloane og ifølgje Enger ligg det ikkje an til at drifta av kornlageret blir endra som følgje av at bygningsmassen skifta eigar.

Neste artikkel

– Reis rundt i ditt eige land, og bli stolt