Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellesforbundet: - Ikkje meir EU-skepsis i fagrørsla

Sjølv om Fellesforbundet sa nei til Vikarbyrådirektivet og vedtok å slutte seg til utgreiinga "Alternativer til dagens EØS-avtale", er det ifølgje Arve Bakke ikkje snakk om EU-skepsis.

Denne veka valde Fellesforbundet, det største LO-forbundet i privat sektor, å be regjeringa om å leggje ned veto mot EUs vikarbyrådirektiv. Kommentar: Kari Gåsvatn om Fellesforbundet og EU/EØSSamstundes vedtok forbundet å slutte seg til utgreiinga «Alternativer til dagens EØS-avtale». Dette er ei utgreiing initiert av Nei til EU, som har som mål å vere ei motmelding til den regjeringsoppnemnde Europautredningen under leiing av jusprofessor Fredrik Sejersted. Ingen EU-skepsis i FellesforbundetArve Bakke, leiar i Fellesforbundet, seier til Nationen at dei to vedtaka ikkje er uttrykk for ein generell EU-skepsis i forbundet.- Det er ingen samanheng mellom dei to vedtaka. Landsmøtet var usikre på om vikarbyrådirektivet gjer at dei rettane vi har oppnådd i dag og dei nye krava vi sett fram vil stå seg i EØS-retten. Difor gjekk vi inn for veto. Samstundes er EØS-avtalen berebjelken i den norske tilknytingsforma til EU. Avtalen er med på å sikre konkurranseevna til norske verksemder, seier Bakke.Les også: Fellesforbundet med overraskande EØS-vedtak- Har ulike rollarHan understrekar at det ikkje føregår nokon EU-diskusjon i Fellesforbundet.- Hos oss som blant folk i Noreg elles er spørsmålet om EU-medlemskap uaktuelt. Det er ikkje noko vi diskuterer. Det vi bruker tida vår på er konsekvensen av enkelte EU-direktiv sin innverknad på norsk arbeidsliv.- Kvifor valde Fellesforbundet å slutte seg til den alternative EØS-utgreiinga?- Vårt standpunkt til EØS-avtalen skal ikkje hindre oss i å innhente kunnskap. Det kan kome fleire direktiv som er vanskelege for oss å godta. Vi er også heilt klare på at vi ønskjer å bevare dei rettane vi har oppnådd i arbeidslivet, uansett om Noreg skulle ha EØS-avtalen.- I Klassekampen sa Nei til EU-leiar Heming Olaussen at vedtaka i Fellesforbundet var uttrykk for eit paradigmesikifte i fagrørsla?- Eg skjøner godt at Heming Olaussen i Nei til EU seier seg fornøgd med vedtaka frå landsmøtet vårt. Men det er ein prinsippiell forskjell mellom oss og dei. Dei er ein kamporganisasjon mot norsk EU-medlemskap og delvis også mot EØS-avtalen. Vi er ei fagforeining som arbeider for arbeidstakarane sine rettar. Der speler vi ulike rollar.

Annonse

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk