Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

FAO-direktør: - Vi må unngå å skape panikk i matmarknaden

FAO-direktør José Graziano da Silva ber Norge bidra i ein koordinert innsats for å unngå matkrise etter rekordtørke og raskt stigande matprisar internasjonalt.

Tørke og avlingssvikt i sentrale jordbruksland har ført til ein spent situasjon og raskt stigande matprisar på verdsmarknaden dei siste månadene.

Det vart også samtaletema då FAO-topp José Graziano da Silva, som overtok som generaldirektør i FN-organisasjonen frå nyttår, var i Oslo tysdag kveld for å møte landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

- Avgjerande å unngå panikk

FAO-direktøren sa at sjølv om situasjonen framleis er usikker, opplever FAO å ha betre kontroll over situasjonen enn då matprisane gjekk rett i taket i 2008, noko som førte til omfattande matmangel og sosial uro i importavhengige land.

- Vi har inga matkrise i dag, og vi trur også vi er betre førebudd på å takle utfordringane i dag enn i 2008. Situasjonen er likevel usikker og det er viktig med ein koordinert innsats. Det mest avgjerande er å unngå panikk i matmarknaden, sa Graziano da Silva på pressekonferansen etter møte med Vedum.

Fryktar nye eksportforbod

FAO-direktøren seier det er viktig å unngå at tunge eksportland set ned eksportforbod, noko som førte til dels panikkarta tilstandar i 2008.

- Eksportforboda framprovoserte krisa sist gong. Det må vi unngå denne gongen. Vi meiner vi har situasjonen under kontroll, men den framtidige utviklinga er det vanskeleg å seie noko sikkert om, seier Graziano da Silva.

Annonse

Trur høge matprisar er kome for å bli

FNs organisasjon for mat og landbruk håper dei høge matprisane får bønder på den sørlege jordkalotten, som går i gang med våronna snart, til å utvide produksjonen. Det kan gi betre balanse i marknaden framover.

- Vi håper dei høge matprisane får bøndene til å dyrke meir mat. Svingingar i matprisane er derimot ikkje bra. Det verkar berre øydeleggjande, seier Graziano da Silva.

Han har ikkje tru på at matprisane vil gå ned att framover, men svingingane i prisane fryktar han vil halde fram frå eit høgt nivå.

- Viktig å stimulere lokal produksjon

FAO-toppen seier FN rår land verda over til å stimulere lokal produksjon av mat for å unngå å bli for sårbare for svingingane i verdsmarknaden.

- Vi anbefalar ingen å gjere seg totalt avhengige av verdsmarknaden. Det er viktig å stimulere lokal matproduksjon og byggje seg lagre av mat og korn. Det vil hjelpe å stabilisere matforsyninga og matmarknaden. Spesielt familiebruk er avhengige av eit visst vern frå marknadssvingingane. Elles kan det vere svært øydeleggjande for landbruket. Det har vi mange eksempel på i Afrika, seier Graziano da Silva.

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder