Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre søknader om rovvilterstatning for tamrein

Reindriftsnæringa har dei siste to åra søkt om erstatning for 20.000 færre dyr tatt av rovdyr enn i åra 2014 og 2015.

Reindrifta har lenge vore nytta i marknadsføringa av Noreg som turistland. Landbruks- og matdepartementet meiner det er meir å henta på reindriftsbasert reiseliv. (Foto: Arne Nævra / NTB scanpix/ NPK)

Reineigarane søkte i 2016/2017 om erstatning for rundt 60.000 tamrein som ein reknar med er tapte til freda rovvilt i Noreg, mot nesten 80.000 dyr i toårsperioden før. Talet på erstatta dyr var likevel meir på det jamne og minka frå 19.000 til 17.000 dyr, viser statistikk frå Miljødirektoratet.

– Omfanget av tapte dyr i reindrifta blir påverka av mange faktorar og varierer derfor frå år til år. Dette viser òg tapshistorikken frå tidlegare år, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

I alt 533 reineigarar fekk erstatningar på til saman 66 millionar kroner for tamrein som mest truleg har vorte offer for rovdyr i driftsåret 2016/2017.

Annonse

Jerv, gaupe og kongeørn stod for størstedelen av rovviltskadane på tamrein dei siste to åra, men tala for gaupe og kongeørn har gått ned den siste perioden.

Bjørn og ulv stod for høvesvis 2 og 3 av dei dokumenterte drapa på tamrein i 2016/2017.

Neste artikkel

Miljødepartementet reagerer sterkt på utspill fra Bondelaget: – Det er helt feil