Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Få land i Europa har lavere matpriser enn Norge - målt mot lønn

Norge er eit av Europas billigaste land å fylle handlekorga i målt etter inntektsnivå, viser tal frå Eurostat. NHO etterspør debatt om breidde i utvalet framfor pris.

Tysdag meldte Nationen at halvparten av den norske befolkninga vil betale meir for maten for å oppretthalde landbruket.

Berre ei handfull av Europas mange land har relativt sett billigare mat enn Norge.

Det viser Eurostat sin siste tilgjengelege statistikk over kor stor del av forbruket i den enkelte husstand som går til å kjøpe matvarer og alkoholfrie drikkevarer.

Her i landet bruker vi i snitt 11,7 prosent av inntekta, eit tal som har sokke som ein stein etter andre verdskrig. Seinast på 1950-talet brukte nordmenn over 40 prosent av inntekta på mat.

Synes du maten er billig i Noreg? Sei meninga di nedst i saka.

- Nordmenn har god råd i dag og bruker relativt lite av inntekta på matvarer. Det har samanheng med velstandsutviklinga, men du kan også seie at matprisane her i landet er låge i forhold til inntektsnivået, seier Eiliv Mørk i Statistisk sentralbyrå (SSB).Billigare enn i DanmarkLuxembourg, som toppar lista over landa der det blir brukt minst pengar på mat, blir av Mørk karakterisert som eit heilt spesielt tilfelle. Norge ligg elles på linje med våre naboland i Norden, med Danmark og Finland under oss og Sverige over.

Les også: Verdens matpriser har aldri vært høyere

Her er Eurostats rangerte oversikt over kor stor del (i prosent) av hushaldsforbruket som blir brukt på mat og alkoholfrie drikkevarer:

Annonse

- Den enkle forklaringa er at lønsnivået i Norge er høgt, og sjølv om mange seier at maten er dyr så går det relativt lite av inntekta vår med til å kjøpe den. Statistisk sett er derfor maten relativt billig i Norge, seier rådgjevar Mads Svennerud i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf), som følgjer prisutviklinga på mat tett.- Kvifor sit mange her i landet likevel att med eit inntrykk av at maten er dyr i Norge?- Det er det ikkje så lett å gi eit svar på, men det kan tenkast at mange gløymer å tenke over at inntekta også er høg her i landet når dei samanliknar matprisane under opphald i utlandet, seier Svennerud.Endå billigare målt av BNP Målt etter bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar klatrar Norge endå høgare opp på lista over landa som har dei lågaste matprisane relativt sett.

2009-tala til Eurostat viser at Norge også kjem betre ut enn Sverige, Tyskland og Storbritannia. Faktisk var det berre Luxembourg og Nederland, sistnemnde med marginale 0,1 poeng, som hadde lågare matprisar enn Norge målt etter BNP.- Det viser at maten her i landet er relativt billig både målt etter inntekt og bruttonasjonalprodukt, seier Svennerud.NHO: - Bør vere meir stolte Næringspolitisk sjef Roald Gulbrandsen i NHO Mat og Drikke seier matprisane i Norge er så låge at dei ikkje utgjer noko problem for dei fleste.- Matprisane er på ingen måte det som skaper økonomiske problem for forbrukarar flest. Tvert imot blir det importert mykje mat til full toll utan at forbrukarane bryr seg, seier Gulbrandsen.Han vil ikkje karakterisere den «særnorske» debatten der mantraet er at matprisen er høg.- Eg har ikkje behov for å karakterisere debatten, men grunnen til at debatten går i den retning er vel kanskje at tabloidpressa meiner slike saker sel godt. Eg skulle heller ønskt meg meir debatt om varemangfald og at vi kunne blitt meir stolte over all den gode maten som blir produsert her i landet. I Frankrike blir maten stolt presentert til ein høg pris, utan at nokon klager. Og det utan at maten smaker så mykje betre der enn her, seier Gulbrandsen.- Pris er politisk spørsmål Ein av hovudpremissane for Matmaktutvalet var at maten her i landet er dyr.

Leiar Einar Steensnæs seier det likevel er rett at maten her i landet er omtrent billigast i Europa målt etter inntekt.

Les også: Norge har Europas dyreste mat

- Det stemmer, og maten i EU er jamt over dyrare slik sett. Vi har derimot sett på dei absolutte prisane for å sjå på maktforholda i matkjeda, seier Steensnæs.- Kunne ikkje utvalet sett på matmakt utan å byggje opp om myten om at norsk mat er dyr?- Det vil eg tilbakevise. Vi har ikkje prøvd å halde noko skjult. At mat er veldig billig i Norge relativt sett, er velkjend. Skulle vi lagt det til grunn, hadde det ikkje vore nødvendig med eit matkjedeutval. Kva matprisar vi aksepterer fordi vi har høg inntekt, er eit politisk spørsmål, seier Steensnæs.

Sjekk ut heile Matmaktutvalets rapport «Mat, makt og avmakt - om styrkeforholdene i verdikjeden for mat».

Synes du maten er billig i Noreg? Sei meninga di under.

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger