- EU meiner framleis at postdirektivet høyrer heime i EØS-avtalen og at det bør gjennomførast, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) til nationen.no.
Måndag ettermiddag møtte han det danske EU-formannskapet og EUs utanriksteneste saman med Island og Liechtenstein til det halvårlege EØS-rådsmøtet. Det viktigaste føremålet med møtet var å diskutere status for EØS-samarbeidet.
Postdirektivet stod ikkje på dagsordenen frå Noreg si side, men vart nemnt av EU-sida.
- EU er oppteken av at vi held fram arbeidet med å gjennomføre direktiva som inngår i EØS-avtalen på avtalt vis og raskt. I den samanheng vart det referert til postdirektivet, som dei meiner må gjennomførast, seier Støre.
Ingen nye signal om vegen vidare
Etter at Støre for eitt år sidan varsla EØS-rådet om at Noreg seier nei til direktivet, er det opp til EU å starte den formelle reservasjonsprosessen, som er skildra i EØS-avtalen. Så langt har det ikkje skjedd.
Vart vedteke i EU i 2008 og opnar for fri konkurranse på ombering av brev under 50 gram.
Støre har gjort det klart overfor EU at Noreg står på kravet om å ikkje ta direktivet inn i EØS-avtalen.
- Der står saka no. Eg har ikkje fått nye signal frå EU om kva som skjer vidare, seier Støre etter måndagens møte. Krev meir påverknad i forskningssamarbeid
Hovudinntrykket til Støre etter møtet, er likevel at både EU-sida og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein i stort er nøgde med korleis samarbeidet mellom dei to partane fungerer. Støre tok opp eitt felt, der Noreg ønskjer betringar.
- Vi sa frå at vi har store forventningar om å få større påverknad på og deltaking i forskningssamarbeidet i EU. Vi er interesserte i å delta meir i dei felles tiltaka som har å gjere med forskningsinfrastruktur framover. Det sa også Island i frå om, og EU merka seg standpunkta våre, seier Støre.