Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU reknar med løysing på striden om prosenttoll

EU er klar til å starte forhandlingar med Noreg om handelen med landbruksvarer. EU-talspersonar seier dei ventar ytterlegare liberalisering og ei rask løysing på ostetoll-konflikten.

Den nye EU-kommissæren for landbruk, Phil Hogan, saman med kommissær for finans, Pierre Moscovici (t.h.) under det første møtet i den nye EU-kommisjonen i Brussel, 5. november. Foto: Francois Lenoir / NTB Scanpix
Den nye EU-kommissæren for landbruk, Phil Hogan, saman med kommissær for finans, Pierre Moscovici (t.h.) under det første møtet i den nye EU-kommisjonen i Brussel, 5. november. Foto: Francois Lenoir / NTB Scanpix

– I fråværet av framgang i prosessen med å reversere den auka tollen for nokre typar ost og kjøt og reklassifiseringa av hortensia, håpar vi at dei framtidige forhandlingane om liberalisering av handelen med landbruksvarer giv tilstrekkeleg rammeverk for å finne ei rask løysing.

Det seier Maja Kocijancic, som er pressetalsperson for EUs utanrikssjef Federica Mogherini.

Ho stadfestar dermed at EU kjem til å krevje omkamp om den førre norske regjeringas tollauken på nokre typar ost og kjøt når Noreg og EU framover skal revidere avtalen som regulerer handelen med landbruksvarer mellom dei to.

Landbruksvarehandel med EU

Er ikkje omfatta av den frie vareflyten i EØS-området, men regulert gjennom artikkel 19 og protokoll 3 i EØS-avtalen.

Artikkel 19 gjeld ubearbeidde jordbruksprodukt. Protokoll 3 gjeld bearbeidde jordbruksprodukt.

Artikkel 19 seier at Noreg og EU skal møtast for å gjennomgå handelsvilkåra kvart andre år, med intensjon om gradvis liberalisering av handelen med basis landbruksvarer. Forhandlingane skal skje innanfor landbrukspolitikken til partane og på gjensidig fordelaktig basis.

Føremålet med protokoll 3 er å ha frihandel med bearbeidde landbruksvarer. Partane kan jamne ut for råvarekostnader gjennom toll, prisnedskriving og eksportstøtte.

Noreg er EUs sjuande største eksportmarknad for landbruksprodukt.

Les også: Slik unngår osten prosenttollen

– Ønskjer ytterlegare liberalisering

EU-medlemslanda skulle tysdag ferdigstille EU-kommisjonens mandat for forhandlingane med Noreg om ein revidert avtale om landbruksvarer som ost, kjøt, poteter, grønsaker, frukt, bær og korn.

Daniel Rosario, som er pressetalsperson til EU-kommissæren for landbruk, Phil Hogan, stadfestar at kommisjonen ser det som heilt nødvendig å ”løyse den pågåande tollsaka” under forhandlingane.

– I tillegg ønskjer kommisjonen å kome til ein balansert avtale som fører til ytterlegare liberalisering av den bilaterale handelen med landbruksvarer med Noreg, skriv Rosario.

Landbruksvarer er til liks med fisk ikkje omfatta av den frie vareflyten mellom Noreg og EU som følgjer av EØS-avtalen. Handel med landbruksvarer er likevel regulert gjennom artikkel 19 og protokoll 3 i EØS-avtalen.

Artikkel 19 gjeld ubearbeidde landbruksprodukt, og seier at Noreg og EU skal møtast for å gjennomgå handelsvilkåra for desse produkta kvart andre år, med intensjon om gradvis liberalisering av handelen.

EU-kommisjonen syner til at det så langt berre har vore to reforhandlingar. Ein i 2003 og ein i 2010.

Under den førre forhandlingsrunden vart EU og Noreg samde om å fjerne alle tollbarrierar for mindre sensitive produkt og å opne nye tollkvotar på begge sider. I tillegg fekk EU tollreduksjonar for nokre meir sensitive produkt. Som eit ledd i reforhandlinga i 2010, vart tollfrikvoten for import av ost utvida med 2700 tonn til totalt 7200 tonn frå januar 2012.

– EU ser etter andre marknadar

Tal frå Landbruksdirektoratet syner at den samla norske eksporten av landbruksvarer til EU i 2013 var på 623 436 tonn og utgjorde ein verdi på 4,8 milliardar kroner. Same år importerte Noreg samla 2,8 millionar tonn landbruksvarer frå EU til ein verdi på 32 milliardar kroner.

Annonse

Knut Øistad, som er landbruksråd ved Noregs delegasjon til EU, seier EU er stadig meir konkurransedyktig på verdsmarknaden og syner til at unionen i fjor passerte USA som verdas største eksportør av landbruksprodukt.

– EU mista ein stor marknad i Russland tidlegare i år. No ser landbruket i EU etter andre marknader for desse produkta, seier han.

EU rasa då den raudgrøne regjeringa frå 2013 auka tollen på nokre typar ost og kjøt inn til Noreg, og det vart hevda at Noreg braut med intensjonen om liberalisering i EØS-avtalens artikkel 19.

Frå norsk side vart det synt til at EUs eksport til Noreg er mykje større enn Noregs eksport til EU og at artikkel 19 også inneheld krav om at ytterlegare reduksjon i handelshindringar skal skje på”gjensidig fordelsaktiv basis”.

Rosario i EU-kommisjonen syner til at eksporten har auka for begge partar.

– EUs eksport av landbruksprodukt til Noreg har auka frå 1948 millionar euro i 2011 til 2271 millionar euro i 2013. Til jamføring auka EUs import av basis landbruksvarer frå Noreg frå 222,1 millionar euro i 2011 til 287,1 millionar euro i 2013, seier han.

– Handelsforholdet mellom dei to sidene innanfor landbruksprodukt er generelt god, med unntak av irritasjonen som følgde av det einsidige tiltaket frå den førre norske regjeringa, seier han.

– Begge skal ha nytte

– Korleis tolkar EU kravet om ”gjensidig fordelaktig basis”?

– Gjensidig fordelaktig betyr at begge partar skal ha nytte av den resulterande liberaliseringa, skriv Rosario.

– Kva følgjer har den norske tollauken i 2013 hatt for EUs eksport av desse produkta?

– På grunn av den norske bruken av såkalla administrative kvotar, er det vanskeleg å anslå den eksakte verknaden av tollendringa for kjøttypane som vart råka. Når det gjeld ost, har den samla EU-eksporten til Noreg auka, medan eksporten av ostetypane som fekk høgare toll, har vore lik dei seks fyrste månadane av 2014 som i same periode i 2012. For hortensiaen, er den økonomiske verknaden av reklassifiseringa Noreg gjorde på rundt 2 millionar euro. EU-eksporten fall frå 4,4 millionar euro i 2012 til 2,1 millionar euro i 2013, skriv Rosario.

Dagens norske regjering har sagt at dei gjerne vil reversere den såkalla ostetollen og den auka tollen på nokre typar kjøt, men dei har ikkje hatt fleirtal for det i Stortinget. Ein ny artikkel 19-avtale mellom EU og Noreg må også godkjennast i Stortinget.

Neste artikkel

EU-kommisjonen foreslår å heve fornybarmålet til 45 prosent