Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-parlamentarikar vil ha Noreg inn på teppet

Fyrst klaga danske Bendt Bendtsen norsk hortensiatoll inn for EU-kommisjonen. No vil han ha Noregs EU-ambassadør inn på teppet i EU-parlamentet.

- Vi jobbar for å få ei offentleg høyring om den norske tollendringa i Europaparlamentet, seier den danske EU-parlamentarikaren Bendt Bendtsen til Nationen.

Bendtsen representerer dei konservative i EU-parlamentet og har hissa seg kraftig opp over norske tollendringar, fyrst justeringane for hortensiaen og så dei planlagde endringane for nokre landbruksprodukt.

Fredag bad EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos i eit brev til landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum om eit snarleg møte mellom Norge og EU for å diskutere dei planlagde norske tollendringane.

Gjennom parlamentskomiteen for internasjonal handel jobbar Bendtsen i tillegg for å få kalla Norges EU-ambassadør Atle Leikvoll inn på teppet i Europaparlamentet.

Bendtsen seier han har med seg tyske, svenske og nederlandske parlamentarikarar.- Det er fleire land som støttar opp om saka og vil ha reaksjonar mot Noreg, seier han.

Danskane, svenskane og nederlendarane ytra seg også kritisk mot det norske tollvedtaket under eit møte i den rådgivande marknadsåtgangskomiteen i EU-kommisjonen førre veke. Etter det Nationen er gjort kjent med skal også den europeiske bondeorganisasjonen Copa Cogeca og den europeiske meierisamanslutninga også ha stilt seg bak kritikken.

Trur ikkje på dialogLeikvoll forsvarte fredag den planlagde norske tollendringa overfor EU-sida i EØS-komiteen i Brussel. Han sa han var budd på dialog med EU om tollsaka.

- Vi har sagt at vi frå norsk side er budde til å halde fram dialog og konsultasjon. Det finst også avgjerder i EØS-avtalen som gir ei formell ramme for det, dersom EU-sida skulle ønskje det, sa Leikvoll til Nationen etter møtet.

Bendtsen på si side har inga tru på at det nyttar med dialog.

- Eg har prøvd å ta opp saka med Leikvoll før. Det prella av som vatn på gåsa. Det er openbert at Noreg ikkje har respekt for anna enn fisk, så eg jobbar for å få til motreaksjonar på fisk. Det er Noreg som har starta bråket, og vil Noreg slåst, skal dei få slåstkamp, seier Bendtsen.

- Snikksnakk og juksDen danske politikaren har gått i bresjen for å få EU til å reagere mot Noreg sidan tollsatsen på stovehortensia til Noreg gjekk frå null til 72 prosent i sommar. Då klaga Bendtsen den norske tollen inn for EU-kommisjonen.

- Regjeringa har vedteke å legge om tollen på ei rekkje landbruksvarer frå krone- til prosenttoll frå januar 2013.

Annonse

Tollvesenet si vurdering om at stovehortensiaen tidlegare har vore feilklassifisert, og at tollauken skuldast ei klargjering av klassifisering, har han ingen tru på.

- Snikksnakk. Det er berre ei dårleg unnskyldning for å jukse og prøve å springe utanom, seier han.

Ifølgje tal frå Dansk Gartneri står det hortensiaeksport på mellom 16 og 20 millionar på spel for danske gartneri etter endringane i tollen. Formann Kristian Madsen i Dansk Gartneri seier fem danske produsentar i Odense vert direkte ramma.

Bendtsen er også frå Odense, men han avviser at hortensiaen åleine er grunnen til at han reagerer.

Han seier han ser hortensiatollen og tollen på landbruksprodukt i samanheng.

- Dette handlar om frihandel. Den indre marknaden har vore ein stor suksess for heile Europa. Det vert heilt feil at eit land som flyt over av mjølk og honning på den eine sida skal eksportere fisk utan toll, men skru opp tollen på produkt inn til landet på den andre.

- Som fanden les Bibelen- Vi er nøydde til å reagere på det Noreg gjer. Det er i strid med paragraf 19 i EØS-avtalen, som seier at ein skal jobbe for gradvis liberalisering av handelen med landbruksprodukt, seier Bendtsen.

Frå landbruksmiljøet i Noreg er det synt til at artikkel 19 i EØS-avtalen også seier at liberaliseringa mellom partane skal skje på gjensidig fordelaktig basis, og at det ikkje er tilfellet i dag. Ifølgje tal frå Landbrukets utredningskontor har handelen mellom EU og Noreg utvikla seg «stadig meir asymmetrisk i favør av EU og i disfavør av Noreg.

Bendtsen har ikkje særleg sans for at det vert brukt som argument for tollauke.

- Norske bønder les artikkel 19 som fanden les Bibelen, seier han.

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder