Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU krev meir grøn energi

For å møte EUs fornybardirektiv, kan Norge måtte auke produksjonen av fornybar energi med opptil ein fjerdedel. Frå før er vi best i klassen.

Sjølv om Norge er i særklasse når det gjeld fornybar energi, kan Norge gjennom EØS-avtalen bli pålagt å auke fornybarandelen av det totale energiforbruket ytterlegare innan 2020. Forhandlingane om kor mykje Norge må bidra med har gått føre seg ei stund, og dersom EU får innfridd krava sine kan Norge måtte auke produksjonen av fornybar energi med over 30 TWh.

Det utgjer nær ein fjerdedel av dagens elektrisitetsproduksjon. Dersom forbruket av ikkje-fornybar energi minkar i perioden, kan derimot den pålagde produksjonsauken reduserast.

Les også: SV vil kople kuttkrav til fornybar-pengar

Forskingsleiar Knut Einar Rosendahl i Statistisk sentralbyrå (SSB) meiner på si side at auka norsk produksjon av fornybar energi ikkje treng vere god miljøpolitikk.

- Om vi her i landet aukar støtta til fornybar energi for å auke produksjonen ytterlegare, så vil ikkje det nødvendigvis redusere utsleppa i EU. Auka eksport av fornybar energi frå Norge vil føre til reduserte energiprisar i våre naboland, noko som vil gi auka forbruk. I tillegg vil prisen på CO2-kvotar bli påverka, og forureinande kraftverk på kontinentet vil på sikt få tilgang til billigare utsleppskvotar, seier Rosendahl til Nationen.

Fornybarandel

Han meiner støtte til meir utbygging av fornybar energi her i landet kan endre fordelinga av energiproduksjonen mellom landa, men endringa treng ikkje nødvendigvis gi reduserte utslepp samla.

Les også: Meiner grøn energi kan bli gullegg

Sjølv om Norge er sjølvforsynt med fornybar straum og 99 prosent av elektrisitetsproduksjonen i Norge skjer gjennom fornybare energikjelder (sjå grafikk og tabell), så reknar EU at fornybarandelen av det samla energiforbruket her i landet er på rundt 60 prosent. Årsaka er at også forbruket av fossilt drivstoff til blant anna bilar og fly er inkludert i reknestykket.

EUs fornybarandel av energiforbruket er derimot berre på rundt 8 prosent, men målet til EU-kommisjonen er å kome opp i 20 prosent fornybarandel innan år 2020. Målet skal nåast ved at alle land aukar fornybarproduksjonen med 5,5 prosent, medan resten skal fordelast mellom landa etter bruttonasjonalprodukt (BNP).

Annonse

Paradoks

Fordelinga mellom EU-landa er også utgangspunktet for at EU meiner Norge må opp i ein fornybarandel på nær 75 prosent. Paradoksalt nok kan dermed Norge, som er flinkast i klassen på fornybar energi, bli pålagt vel så strenge fornybarkrav som EU-landa, sjølv om dei fleste EU-landa heng kraftig etter frå før.

- Ja, ein kan seie at det er eit paradoks, men samtidig så har Norge mykje å bidra med. Norge er det mest utypiske landet i verda når det gjeld energi, men det unytta potensialet er likevel framleis stort, seier direktør Pål Prestrud i Cicero, Senter for klimaforsking i Oslo.

Han meiner mykje tyder på at Norge kan byggje ut meir fornybar energi like billig som mange andre land. Blant anna er vindressursane rike, og næringslivet har topp kompetanse på konstruksjonar og teknologi til bruk ved kyst og sjø.

- Vidare fornybarutbygging vil koste i form av subsidiar eller dyrare straum, men det kan likevel vere fornuftig på lang sikt, seier Prestrud.

Vil heller ha Enøk-satsing

Norges Naturvernforbund håper EU når fram i forhandlingane og at Norge blir pålagt å auke fornybarandelen av energiforbruket til nær 75 prosent innan 2020. Leiar Lars Haltbrekken peikar på at EU-direktivet likevel ikkje treng bety at Norge må auke produksjonen av fornybar energi med over 30 TWh.

- Viss vi klarer få ned forbruket av fossilt brennstoff og andre ikkje-fornybare energikjelder, så treng ikkje produksjonsauken bli på langt nær så stor. Vi meiner det er viktigast å satse på energieffektivisering. Det vil både vere billigast og gi raskast effekt, seier Haltbrekken til Nationen.

Han meiner energibruken både frå industrien og frå bygningsmassen kan reduserast kraftig gjennom betre isolering og andre tiltak, og at den sparte straumen kan brukast til elektrifisering av bilparken.

- Er auka produksjon av fornybar energi uinteressant?

- Nei, det kan bli bruk for meir fornybar energi, men vi meiner det er mest å hente på energieffektivisering, seier Haltbrekken.

Neste artikkel

MDG vil gi mer til jordbruket enn jordbruket selv hadde som krav