Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU kan gå inn for meir landbruks-handel med Noreg

EU-parlamentet kan i dag vedta krav om å forhandle med Noreg om eksport og import av landbruksvarer. Målet er meir handel.

Onsdag diskuterer EU-parlamentets komité for internasjonal handel handelssamarbeidet mellom Noreg og EU.

Dei rundt 60 parlamentarikarane kan vedta krav om at EU-kommisjonen skal gå i forhandlingar med norske styresmakter med det same for å finne «ei gjensidig tilfredsstillande løysing» på import og eksport av landbruksprodukt.

Det går fram av eit forslag til uttale som komiteleiar Vital Moreira frå Portugal har skrive saman med svenske Christofer Fjellner.

- Om relasjonen i stort

Bakgrunnen for uttalen frå parlamentet er misnøye med den norske omlegginga til prosenttoll på nokre typar ost, lammekjøt og storfekjøt frå 1. januar 2013, og tollauken for hortensiablomar frå i fjor sommar. Fjellner seier uttalen er framkalla av tollsaka, men handlar om relasjonen mellom Noreg og EU i stort.

- Vi ser ei rørsle frå Noreg i retning meir handelshindringar. Eg håpar resolusjonen kan leggje til rette for meir handel og vere ein tankevekkjar. I staden for einsidige tollaukingar må vi setje oss til forhandlingsbordet og finne løysingar begge kan vinne på, seier Fjellner til Nationen.

Les også: Hard tone fra EU om toll

I forslaget til uttale vert norske tollendringar omtala som proteksjonistiske og handelshindrande, og som eit klart brot på «bokstaven og ånda» i avtalen mellom partane. EU-parlamentarikarane set også spørjeteikn ved logikken bak tollendringa.

- Dei kan ha handelshindrande effekt, skade alle involverte partar og særleg norske forbrukarar, og på lang sikt også norske bønder, heiter det i forslagsteksten.

- Allereie gunstig for EU

Er ikkje omfatta av den frie vareflyten i EØS-området, men regulert gjennom artikkel 19 og protokoll 3 i EØS-avtalen.

Annonse

Vert det som Moreira og Fjellner føreslår, vil EU-parlamentet presse Noreg til å reversere tollendringane.

I tillegg vil parlamentet ha Noreg til å gå med på ein gjennomgang av protokoll tre i EØS-avtalen, som gjeld handel med bearbeidde jordbruksprodukt som margarin, syltetøy, sausar og pizza.

Avdelingsdirektør Alf Vederhus i Landbruksdepartementet seier EU årleg ber om gjennomgang av protokollen, men at norske styresmakter ikkje ser grunnlag for nye forhandlingar.

Les også: Norge avviser EU-press

- Protokollen er allereie gunstig for EU, som har låge tollsatsar inn til Noreg. Eit mål med protokollen er å ha like konkurransevilkår og råvarekostnader for næringsmiddelindustrien. For å sikre det frå norsk side, må vi bruke prisnedskriving over jordbruksavtalen. Vert tollsatsane reduserte ytterlegare, må vi bruke endå meir pengar over jordbruksavtalen for å oppfylle vilkåra.

- Feil å hemne seg

Enkeltrepresentantar i EU-parlamentet har tidlegare trua med straffetoll på laks og å kople tollsaka med andre problemsaker mellom Noreg og EU. I forslaget til samla uttale heiter det meir moderat at parlamentet ber EU-kommisjonen «vurdere høve for å føreslå ytterlegare tiltak i tilfelle mangel på samarbeid» frå norsk side i å reversere tollvedtaket.

Fjellner seier han ikkje ønskjer sanksjonar, men at det ikkje går å sjå vekk frå det. Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve onsdag 20. mars.

Neste artikkel

Kan de endre tysk landbruk?