Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-institusjonane samla bak tollkrav mot Noreg

Kjelde i EU-kommisjonen seier Noreg har oppnådd det få andre greier: Å samle EU-institusjonane bak eit felles krav. Kravet er å reversere tollendringane.

- Vi vil sende ei sterk og sameint melding til Oslo. Anten revurderer dei tolltiltaka, eller så må EU vere svært tydeleg med Noreg.

Det sa komiteleiar Vital Moreira under eit møte i EU-parlamentets komité for internasjonal handel onsdag morgon, der handelssamarbeidet mellom Noreg og EU var tema.

Handelskomiteen vil krevje at EU-kommisjonen går i forhandlingar med norske styresmakter med det same for å finne det dei kallar "ei gjensidig tilfredsstillande løysing" på import og eksport av landbruksprodukt. Det går fram av eit forslag til uttale frå parlamentet, som Moreira har skrive saman med den svenske parlamentarikaren Christofer Fjellner.

Moreira og Fjellner representerer dei to grupperingane Alliansen av sosialistar og sosialdemokratar og det konservative European People's Party, som saman har over 60 prosent av plassane i EU-parlamentet.

Les også: EU kan gå inn for meir landbrukshandel med Noreg

Bakgrunnen for uttalen er misnøye med den norske omlegginga til prosenttoll på nokre typar ost, lammekjøt og storfekjøt frå 1. januar 2013, og tollauken for hortensiablomar frå i fjor sommar.

Av uttalen går det fram at EU-parlamentet vil presse Noreg til å reversere tollendringane. I tillegg vil parlamentet ha Noreg til å gå med på ein gjennomgang av protokoll tre i EØS-avtalen, som gjeld handel med bearbeidde jordbruksprodukt som margarin, syltetøy, sausar og pizza.

Fjellner tok til orde for å bruke tollsaka som eit høve til å gjennomføre forhandlingar med Noreg om ytterlegare liberalisering av handelen med både landbruksprodukt og fiskeriprodukt.

- Det er noko vi har gjort med suksess med Island, som er ein annan part i EØS-avtalen. Eg kan ikkje forstå kvifor det skulle vere umogleg å gjere det same med Noreg, sa svenske Fjellner under møtet i handelskomiteen.

- Vi burde gratulere Noreg

Forslaga møtte støtte frå både parlamentarikarar og representantar frå EU-kommisjonen under diskusjonane i EU-parlamentet.

John Clarke som representerte generaldirektoratet for landbruk sa at EU-kommisjonen delte parlamentet sin posisjon og uro over dei norske tolltiltaka.

Annonse

- Eg er freista til å seie at vi burde gratulere Noreg, fordi landet har klart å oppnå det nær umoglege. Dei har samla EU-kommisjonen, EU-rådet og EU-parlamentet i opposisjon mot handelsrestriksjonane, sa han.

Ifølgje Clarke vurderer kommisjonen dei norske tolltiltaka som proteksjonistiske både i intensjon og i effekt.

Vurderer framleis reaksjon

Clarke sa at EU-kommisjonen framleis vurderer moglege måtar å reagere på tollomlegginga.

- Eg delar tilnærminga i uttalen om at vi bør gå for ein gjennomgang av protokollen, og at vi bør opne forhandlingar med Noreg for ytterlegare liberalisering, for å finne ei løysing på problemet. Eg føretrekk ei slik løysing framfor å gjengjelde med tilsvarande tollauke.

- Eg vil likevel seie at dersom restriksjonane frå Noreg ikkje vert fjerna, er det noko vi kjem til å ta med i reknestykket den dagen Noreg ser til EU for støtte eller hjelp, sa Clarke.

Fryktar Noreg skal inspirere andre

Den britiske parlamentarikaren Robert Sturdy frå gruppa av europeiske konservative og reformistar fryktar den norske tollomlegginga skal vere til inspirasjon for andre, dersom EU ikkje reagerer.

- I landet mitt har vi politikarar ytst på høgrefløyen som brukar Noreg som mønster for å ikkje vere medlem i EU. Det vert også sagt mykje om at Noreg har alle fordelane ved EU utan å få med nokre av problema som kostar. Difor er eg djupt uroa over denne saka, sa Sturdy.

Moreira kalla også saka alvorleg.

- Vi kjem til å miste autoritet til å kjempe mot proteksjonistiske tiltak frå land som Argentina og Russland dersom vi tillet ein nabo og ven å innta same proteksjonistiske posisjonar, sa Moreira.

Neste artikkel

Vedum lovet 10 milliarder til klimafond – gir ingenting