Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU ikkje ferdig med norsk tollvern

EU har ikkje tenkt å la tollprotestane mot Noreg stilne.

- Ikkje over før det er funne ei akseptabel løysing, seier talsperson for EUs landbrukskommissær.

- EU-kommisjonen ser tiltaka frå Noreg som uakseptable og som brot på Noregs forplikting i den bilaterale avtalen signert under artikkel 19 i EØS-avtalen.

Det seier Roger Waite, som er pressetalsperson for EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos.

Les også: Tollvern-siger for Sp

Tidlegare denne veka var utanriksminister Espen Barth Eide i Brussel for å diskutere EØS-samarbeidet saman med EU og Island og Liechtenstein.

Irlands utanriksminister Eamon Gilmore, som representerte EU-formannskapet under møtet, skal ha konkludert diskusjonen om den omstridde ostetollen med å seie at partane er «samde om å vere usamde».

Etter møtet sa utanriksminister Espen Barth Eide at han trur tollsaka no går mot ei avslutning.

Kommisjonen til motmæle

EU-kommisjonen tek derimot kraftig til motmæle mot den irske tolkinga av stoda.

- Kommisjonen delar ikkje tolkinga til den irske utanriksministeren, seier Waite.

Les også: Norge og EU samde om å vere usamde om ostetollen

Tollvernkritikarar i EU-parlamentet ser heller ikkje at partane er samde om å vere usamde.

- Det er naivt å tru at den norske regjeringas åleinegang ikkje får konsekvensar for framtidige forhandlingar mellom EU og Noreg, sa danske Bendt Bendtsen til Nationen torsdag.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentarar frå det irske EU-formannskapet.

Annonse

Les også: Ostetoll-kritikarane i EU trur på meir bråk

EU-kommisjonen har tidlegare signalisert at det vert vurdert høve for søksmål mot Noreg, og kommisjonen analyserer framleis saka. Samstundes har EU-parlamentet kravd at kommisjonen vurdere tiltak dersom Noreg ikkje snur i saka. I juni kan parlamentet i plenum også gå inn for å presse Noreg til forhandlingar om landbruksvarehandelen.

Waite avviser at presset mot Noreg stilnar.

- Diskusjonane er ikkje over før det er funne ei akseptabel løysing, seier han.

- Uaktuelt å reversere

Espen Barth Eide seier på si side at det er heilt uaktuelt å reversere tollendringa.

- Vi kjem ikkje til å endre på tollen. Det har vi gjort klart mange gonger at er heilt uaktuelt.

- Kan EU verte vanskelegare å ha med å gjere i andre saker på landbruksfeltet?

- Vel, som eg også har sagt til dei: Dei er usamde med oss om tollen, vi er djupt usamde med dei om selspørsmål. Vi har nokre klagemål mot kvarandre begge vegar, men 99,9 prosent av samarbeidet mellom oss går godt. Men erfaringa mi er at det ikkje vert gjort utidige koplingar. Det er likevel viktig at vi tek forhandlingane om protokoll tre og artikkel 19 på alvor, seier Eide.

EØS-avtalens protokoll 3 og artikkel 19 regulerer landbruksvarehandelen Noreg har med EU.

Les også: Eide trur ikkje EU set hard mot hardt

Eide er ikkje overraska over den klare meldinga som no kjem frå kommisjonen.

- Eg trur ikkje EU vil slutte å ta opp tollsaka, men eg oppfattar ganske tydeleg no at det ikkje kjem straffetiltak, seier han. Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve fredag 24. mai.

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger